Bli god til å presentere
Oppgåve 1. Kva hugsar du frå videoen?
Svar på spørsmåla etter at du har sett videoen over:
Korleis presenterer Jone seg?
Kva meiner Jone med at du ikkje skal vere ein bløffmakar? Du kan bruke ordboka Lexin til å finne ut kva ordet betyr.
Kva råd hugsar du? Skriv ei liste med råda. Del så med ein medelev og sjå om de kjem på fleire råd saman.
Sjå på råda i boksen under og diskuter med ein medelev:
Kva synest de er det vanskelegaste rådet å følge?
Kva kan de gjere for å få det betre til?
Oppgåve 2. Presenter deg sjølv
Lag ein kort presentasjon av deg sjølv på 3 til 5 lysark.
Bruk eit digitalt presentasjonsverktøy til å setje saman informasjonen.
Ta gjerne for deg interesser, favorittmat, filmopplevingar, aktivitetar og personlegdom.
Framfør presentasjonen framfor klassen/gruppa. Hugs alle råda i videoen! Sjå han på nytt eller les oppsummeringa i tekstboksen i oppgåve 1.
Oppgåve 3. Presenter eit tema
Gå saman i grupper på tre–fire personar. Finn ut korleis de i gruppa bruker sosiale medium.
Kva sosiale medium er mest populære? Kva for eit er nyast? Kva kan de ikkje klare dykk utan? Korleis bør vi stille oss til sosiale medium i skulekvardagen?
Lag ein presentasjon på 10 lysark som viser gruppa sin bruk av sosiale medium og synspunkta dykkar. Presenter for klassen. Hugs alle råda i videoen! Sjå han på ny eller les oppsummeringa i tekstboksen i oppgåve 1.