9 tips til framføringar
Før du les
Desse fagomgrepa møter du i filmen og i artikkelen:
- Målgruppe
- Her: Målgruppa er dei som skal lytte og lære noko av foredraget.
- Tilhøyrarar
- Tilhøyrarar er dei som lyttar til eit foredrag.
- Foredrag
- Eit foredrag er ei munnleg framføring om eit emne.
- Monolog
- Ein monolog er når berre éin person snakkar lenge.
Vanlege framføringar
Har du nokon gong brukt 90 minutt på å høyre andre i klassen halde foredrag? Kor mykje hugsar du eigentleg etter ein slik time? Slike foredrag kan fort bli veldig like: Elevane går opp framfor klassen og snakkar mens dei trykker seg framover på ein PowerPoint for så å gå ned igjen og setje seg. Etter timen hugsar ingen nokon ting av det nokon har sagt.
Mange gjer det nok på denne måten fordi dei trur det er slik læraren vil ha det. Men læraren din vil nok aller helst at dei andre elevane i klassen lærer noko av foredraget ditt. Her vil du få ei innføring i korleis du kan gjere framføringar meir interessante.
Kven er målgruppa?
Når du skal lage foredraget, er det lurt å tenke at dei andre elevane i klassen er målgruppa, ikkje læraren din. Korleis kan du presentere innhaldet for dei slik at dei vil lytte og forstå det du vil lære dei?
Metode 1: Engasjer medelevane dine
Eit godt tips for å få dei andre i klassen interesserte i foredraget er å engasjere dei. Dette kan vere både før, undervegs og etter framføringa.
Tips 1: Spel på det dei kan frå før
Skal du ha ein presentasjon om berekraft, kan du spørje medelevane dine kva dei kan om emnet frå før. Viss du skal snakke om energikjelder, kan du spørje: "Kva for energikjelder trur de er gode for miljøet?" Skriv gjerne ned svar på tavla, så kan du snakke om dei undervegs i foredraget når det passar med det du skal seie.
Tips 2: Lag spørjekonkurranse
Skal du lage ein presentasjon som tek for seg mykje fakta, kan du starte med fem enkle faktaspørsmål. Du kan til dømes lage ein quiz som testar kor mykje medelevane dine kan om emnet frå før. Så kan du fortelje dei at dei får same quizen når foredraget er slutt. Kanskje kan du gi ein premie til vinnaren?
Tips 3: Still spørsmål undervegs
I staden for at berre du snakkar, kan du stoppe opp av og til og stille spørsmål. Sjå for deg at du lyttar på ei framføring om samisk språk, og du får spørsmålet: "Veit de om alle samar snakkar eit språk?". Då blir du tvinga til å tenke over spørsmålet. Når du får lyttarane til å tenke, hugsar dei betre.
Tips 4: Legg inn korte diskusjonsoppgåver
Prøv å legge inn ei lita diskusjonsoppgåve undervegs. Ho kan gjere dei andre elevane engasjerte. Viss temaet er press og stress, be klassen snakke med ein medelev i 30 sekund og bestemme kva som skaper mest press i livet deira.
Denne metoden er bra rett før du viser til forsking eller tal. Etter oppgåva viser du klassen statistikken. Kanskje det klassen tenker liknar på statistikken? Eller kanskje dei blir overraska over resultata? Dette kan gjere foredraget ditt meir interessant og engasjerande.
Tips 5: Ha avstemmingar
I staden for diskusjonar kan du òg ha avstemmingar og vise resultatet framfor klassen. Du kan telje hender eller bruke digitale program, som til dømes mentimeter.com.
Tips 6: Legg inn rollespel
Om de er fleire som skal framføre i ei gruppe, er det å legge inn små rollespel interessante "pausar" for dei som høyrer på. Viss du presenterer ein roman, ei novelle eller eit drama, kan de til dømes framføre ein scene frå teksten og kommentere han etterpå.
Metode 2: Vis fram det du skal presentere
Sjå på presentasjonen under. Tenk over om dette er tips du kan bruke når du presenterer i dei ulike faga dine på skulen. I nokre fag passar det til dømes veldig godt med illustrasjonar, i andre tidslinje.
Tips 7: Bruk illustrasjonar
Skal du halde eit foredrag om celler? Bruk illustrasjonar i staden for berre tekst. Når du bruker illustrasjonar, kan du peike og vise.
Tips 8: Bruk fargar
Skal du analysere litteratur eller samanlikne språk? Då kan du bruke forskjellige fargar for å vise ulike system du har lagt merke til.
Tips 9: Lag ei tidslinje
Skal du fortelje om noko som skjer over tid – noko som har ei utvikling? Bruk ei tidslinje for å vise korleis noko utviklar seg.
Opptakten til andre verdskrigen: Korleis og kvifor skjedde det?
Kort sagt
Tenk på målgruppa: Lag foredraget for klassekameratane dine, ikkje læraren.
Bruk bilete: Bruk store bilete og ikkje mykje tekst i presentasjonen.
Øv på det tekniske: Sjekk at teknikken fungerer og øv på kva du skal seie.
Engasjer klassen:
Spør om kva dei veit frå før.
Lag ein quiz.
Still spørsmål undervegs.
La elevane diskutere.
Ha avstemmingar.
Bruk rollespel om de er fleire.
Vis døme: Bruk illustrasjonar, tidslinjer eller andre visuelle hjelpemiddel som passar til temaet ditt.


