Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Utforsk skrivestilen i Lappjævel

Romanen Lappjævel handlar om korleis den samiske guten Sammol forandrar seg når han flyttar frå familien for å gå på norsk skule. Korleis bruker forfattar Katrine Nedrejord språket for å vise lesaren at vesle Sammol blir dårleg behandla av det norske samfunnet?

Denne oppgåva er ein del av ein læringssti

Denne oppgåva er ein del av ein læringssti. Før du gjer desse oppgåvene, bør du ha gjort oppgåva "Språk, identitet og kulturmøte i Lappjævel".

Del 1: Kven har makta?

I det første utdraget frå romanen Lappjævel er det tre : Sammol, far til Sammol og rektor Rygh. Utdraget handlar ganske mykje om makt, altså – kven har makt over kven?

  1. Les utdraget og beskriv kven som har mest makt og kven som har minst makt, slik du teksten. Grunngi svaret ditt ved å vise til døme i teksten.

  2. Sjå på beskrivingane av Sammol, faren og rektor Rygh i tabellen under. Korleis bruker forfattaren språket til å vise kven som har mest makt?

  3. Kvifor trur du forfattaren har valt å beskrive Sammol, faren og rektor Rygh på denne måten?

Litt hjelp?

  1. Legg merke til at faren "ser usikker ut", "kremter" og "hvisker". Rektor Rygh "rister voldsomt i hånda" og måten han ser på Sammol på, blir beskriven slik: "ser strengt", "heva øyenbryn" og "blir mørkt".

  2. Rektor Rygh høyrer ikkje på Sammol når han seier at han heiter "Sammol", ikkje "Samuel". Kvifor det, trur du? Og kvifor rettar ikkje faren på rektoren når han seier namnet til sonen feil?

Makt i Lappjævel

Beskrivingar av Sammol

Beskrivingar av far til Sammol

Beskrivingar av rektor Rygh

  • [...] jeg skjønner ingenting av det mannen sier
  • Pappa ser usikker ut, han også.

  • Pappa noen ganger. Det virker som om han ikke hva han skal si til mannen i . Han snur seg mot meg og hvisker:
    "Dette er rektor Rygh. Han må du alltid høre på".

  • Pappa tar han i , og rektor Rygh rister og rister i den til pappa forsiktig drar den til seg igjen.
  • Rektor Rygh rister så voldsomt i handa mi, at jeg blir redd jeg skal lette fra bakken
  • "Sammol", sier jeg.

  • "Men jeg heter ikke det", svarer jeg lavt.

  • "På norsk sier de det sånn", hvisker pappa.
  • "Samuel, ja", sier rektor Rygh.
  • Jeg blir varm i panna og kinnene.


  • " 'Øh', sier jeg, og fortsetter på samisk: 'In ádde. Jeg forstår ikke.' "

  • Pappa senker stemmen mens han forklarer: "Husker du det jeg sa til deg om samisk? Du kan ikke snakke det her på skoleinternatet. Det er forbudt".

  • Men så snur rektor Rygh seg og ser strengt på meg.

  • Han stirrer på meg med heva øyenbryn. Han virker utålmodig.

  • Rektor Ryghs blikk blir mørkt. Han sier noe høyt som jeg heller ikke forstår.

Del 2: Å vere utanfor og annleis

Utdrag 2 handlar om korleis Sammol blir mobba fordi han har samiske klede og er annleis. Isko er leiaren for mobbarane og er ein slem gut, men det står ikkje direkte at han er slem. I staden kjem det fram gjennom den indirekte personskildringa, altså gjennom skildringar av korleis han a) ser ut, b) måten han oppfører seg på og c)kva han seier (replikkar).

Finn minst to beskrivingar av a) korleis Isko ser ut b) måten han oppfører seg på og c) replikkar, som viser at Isko er slem.

Del 3: Å forandre seg

I det tredje utdraget skjønner vi at Sammol har forandra seg. Han er ikkje lenger berre ein redd liten gut. Men korleis har han forandra seg?

  1. Les gjennom utdraget. Beskriv korleis Sammol har forandra seg frå det første utdraget til dette.

  2. Finn sitat som du synest viser denne forandringa.

  3. Korleis tolkar du dette utdraget frå teksten?

Det gjelder å ikke skille seg ut. Det var det jeg gjorde feil i starten. Jeg var for mye Sammol. Nå slutter jeg med det. Nå sier jeg ikke det navnet lenger i det hele tatt. Nå må jeg være Samuel.

Del 4: Skamma

I den siste delen er Sammol saman med far sin for å fange inn reinsdyr. Sammol har gløymt eit samisk ord og . Men det står ikkje direkte at han skammar seg. Finn sitat frå teksten som viser Sammol si skam.

Del 5: Samanfatt

"Vis, ikkje fortel" er eit tips for å skrive gode historier. Det betyr at du skal vise lesarane korleis karakterane i historia har det, ikkje fortelje direkte. Ein god forfattar skriv gjerne ikkje "han er sint", men viser det ved å beskrive utsjånaden, replikkar og handlingane til ein karakter.

Gå saman i grupper og diskuter:

  1. Korleis skriv Katrine Nedrejord for å vise at rektor Rygh har makt over faren og Sammol?

  2. Korleis skriv ho for å vise at personar er slemme?

  3. Korleis viser ho at Sammol går gjennom ei forandring i løpet av historia?

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 10.10.2024