Utforsk fornorskingspolitikken

Du bør ha jobba med fagartikkelen "Fornorskingpolitikk og samisk språk" før du svarer på oppgåvene under.
Oppgåve 1. Sjå filmen
I fagartikkelen "Fornorskingspolitikk og samisk språk" ligg den første episoden av dokumentaren Den stille kampen: Skam og stolthet. Dokumentaren viser korleis samane blei fornorska på 1800- og 1900-talet.
Del 1: Sjå dokumentaren og svar på spørsmåla
Kvifor blei Susann flau og skamfull då ho oppdaga at ho var samisk?
Kva fortel Susann, mora, faren og søskena hennar om forholdet sitt til det samiske?
Kva betyr det at eit område er fornorska?
Kvifor gjekk så mange samiske barn på internatskule? Kva fortel dokumentaren om internatskulane som samiske barn blei sende til?
Kva meiner Per Fugelli med at nordmennene har påført samane store helseproblem?
Kvifor dreiv Noreg med fornorskingspolitikk mot samane, ifølge denne dokumentaren?
Forklar om kjensler og ueinigheit som var knytte til val av språk på skilt.
Kva lærer du om Riddu Riđđu-festivalen av å sjå dokumentaren? Fortel.
Del 2: Skriv ein tekst
Skriv ein tekst på 100–300 ord der du reflekterer over eit av sitata under. Du kan bruke døme frå dokumentaren eller eigne erfaringar. Bruk gjerne desse setningsstartarane:
Sitatet fortel at ...
Eg er einig i det som kjem fram i sitatet fordi ...
Eg trur at dei unge samane ...
Eg håper at ...
Når du har skrive teksten, lagar du ei overskrift som passar til teksten din.
Sitat frå filmen:
Det var ei stor skam for mange av forfedrane våre å vere same på grunn av fornorskinga. Derfor kjenner eg at vi som er unge og ikkje ber den same skamma, har eit ansvar for å bere stoltheita.
Viss eg kunne velje kva generasjon eg skulle tilhøyre, ville eg valt den generasjonen eg tilhøyrer. Ikkje den til foreldra eller besteforeldra mine. Eg har alle moglegheiter. Dei hadde ikkje det, særleg når det gjaldt samisk språk og kultur. Det har eg. Vi må hoppe ut av offerrolla. Sjølvsagt må vi ikkje gløyme historia, men ansvaret er vårt. Det er opp til oss sjølve. Vi har alle moglegheiter.
Oppgåve 2. Forklar omgrepa
Gå saman to og to eller i ei lita gruppe. Forklar orda under, og ha med døme. Ta ein felles gjennomgang med lærar til slutt:
fornorskingspolitikk
minoritet
internatskule
skam
same
kofte
urfolk
Oppgåve 3. Snakk om utdrag frå boka Lappjævel
Gå saman to og to.
Les "Tekstutdrag 1" frå romanen Lappjævel høgt for kvarandre. Øv på tydeleg uttale.
Fortel att handlinga med eigne ord.
Gi døme på fornorskingspolitikk som kjem fram i utdraget frå romanen.
Korleis trur de hovudpersonen Samuel opplever det første møtet sitt med internatskulen? Grunngi svaret.
Skriv ein tekst på 100–300 ord der du lèt som du er Samuel som skriv i dagboka si etter den første skuledagen på internatet.
Hugs at ein dagboktekst ofte er personleg og skriven i eg-form.
Du kan starte teksten med "Kjære dagbok" og avslutte med "Hilsen Samuel".

Oppgåve 4. Snakk saman om eigne erfaringar
Gå saman i mindre grupper og svar på oppgåvene under munnleg. Ha ein gjennomgang felles i klassen til slutt.
Kjenner du deg igjen i nokon av erfaringane det samiske folket har? Grunngi svaret ditt.
Veit du om andre urfolk enn samane? Gi døme.
Er det folkegrupper i heimlandet ditt som kjempar for å bevare eige språk og eigen kultur? Gi døme.
Korleis tek du vare på førstespråket ditt og kulturen frå heimlandet når du er i Noreg? Er dette noko som er viktig for deg, eller betyr det ikkje så mykje? Grunngi svaret.
Meiner du det er viktig at urfolk og andre språklege minoritetar får ta vare på eigen identitet og kultur? Korleis kan vi i så fall få dette til? Tenk både i Noreg og i andre land du kjenner til.
Relatert innhald
Kva var fornorskingspolitikken? Kva for rettar har samane i dag?