Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Utforsk ein tekst om kulturmøte og fordommar

I teksten "Fordeler med muslimer" fortel Christine Koht om møtet med dei nye kurdiske naboane sine. No skal du lese denne teksten og snakke og skrive om kulturmøte og fordommar. I tillegg skal du reflektere over korleis kulturmøte kan forandre måten vi oppfattar ulike personar på.

Del 1: Førlesingsoppgåver

Jobb saman to og to. Diskuter spørsmåla under.

  1. Kva er ein fordom? Viss de er usikre, kan de slå opp i ordbøkene.no eller i LEXIN.

  2. Fortel om ein gong du blei positivt eller negativt overraska etter eit møte med ein person fordi du på førehand hadde trudd personen var annleis.

Del 2: Les teksten

Jobb saman to og to. Les kåseriet "Fordeler med muslimer" høgt for kvarandre. (Eit kåseri er ein tekst som tek opp forskjellige tema gjennom bruk av humor og ironi.)

  • Les annakvart avsnitt.

  • Sjå på ordforklaringane til avsnittet.

  • Snakk saman om innhaldet i avsnittet før de held fram. Hjelp kvarandre med å forstå viss det er noko de ikkje heilt skjønner. Spør læraren viss det trengst.

Del 3: Svar skriftleg på oppgåver til teksten

Til læraren

Kvart elevpar kan gjerne skrive i eit dokument dei deler med deg. Då kan du gi tilbakemelding skriftleg direkte i dokumenta, eller du kan gå rundt til elevane. Vel ut nokre område du gir tilbakemelding på, avhengig av nivået til dei enkelte. Les gjerne fleire tips i artikkelen "Korleis rettleie andrespråkseleven?". Det er ein fordel om svara på desse oppgåvene blir gjennomgått munnleg i felles klasse til slutt.

Jobb saman to og to. Svar skriftleg på oppgåvene under til teksten "Fordeler med muslimer" av Christine Koht.

Gå fram slik:

  • De skal skrive saman. De kan bruke eit dokument som kan delast. Spør læraren om hjelp viss de treng det.

  • Skriv heile setningar og ikkje stikkord.

  • Hugs stor bokstav i starten av ny setning.

  • Sjå godt over rettskrivinga, og pass på at orda i setninga kjem i rett .

Spørsmål:

  1. Kvifor trur de eg-personen blir nervøs når ho høyrer at ein muslimsk storfamilie er dei nye naboane hennar?

  2. Kva hadde Christine Koht mot den familien?

  3. Korleis beskriv Christine Koht den kurdiske familien etter at ho har treft dei?

  4. Christine Koht skriv dette: "Siden de færreste av oss norskinger noen gang møter en ordentlig muslimsk , er det som sørger for " Kva meiner ho med dette, trur de? Er de einige i det ho skriv?

  5. Kvifor trur du ho har valt overskrifta "Fordeler med muslimer"?

  6. Kva trur du er til Christine Koht i dette kåseriet?

  7. Korleis kan kulturmøte hjelpe oss til å forandre som ikkje stemmer? Bruk døme frå teksten. Ha òg med nokre døme frå eiga erfaring.

Del 4: Skriv ein tekst om fordommar

Jobb individuelt. Skriv ein tekst på 150–250 ord der du over temaet fordommar. Du kan vise til døme frå eigne erfaringar eller døme frå teksten du nettopp har lese. Lag ei passande overskrift.

Her er nokre setningsstartarar du kan bruke:

  • I kåseriet "Fordeler med muslimer" kjem fordommane til Christine Koht fram når ho skriv om ...

  • Eg har sjølv opplevd fordommar. Eit døme er ...

  • Det er viktig å ...

  • Korleis vi møter andre, har mykje å seie fordi ...

  • Kåseriet "Fordeler med muslimer" kan lære oss at ...

  • Når eg møter nye menneske, prøver eg å tenke at ...

  • Eg håper at ...

Relatert innhald

Fordeler med muslimer

Eit kåseri av Christine Koht som handlar om nokre av fordommane mange har om muslimar.

Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 06.05.2025