Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Skriv debattinnlegg med hjelp frå praterobot

Til læraren

I denne oppgåva skal elevane bruke kunstig intelligens som hjelp i forarbeidet med eit debattinnlegg. Dei skal finne forslag til argument til å ha med i eit debattinnlegg med hjelp frå ein praterobot. I tillegg skal dei øve seg på å styre prateroboten språkleg. Elevane bør ha jobba med kjenneteikn på debattinnlegg før dei jobbar med denne oppgåva.

Minn elevane på at prateroboten ikkje gjer vurderingar knytte til rett eller gale, sant eller usant. Dei må øve seg på å vere kritiske til svara dei får frå prateroboten.

I den siste delen av oppgåva blir elevane bedne om å skrive eit refleksjonsskriv. Det kan hjelpe dei med å tenke over når det er nyttig å bruke KI, og kva det er viktig å tenke over ved slik bruk. Desse spørsmåla er det òg fint å snakke med elevane om i fellesskap etter at du som lærar har lese gjennom refleksjonsskriva. Då kan du utfylle det elevane tenker rundt hjelp frå KI.

I etterkant av arbeidet med denne oppgåveressursen er det naturleg at elevane jobbar vidare med å skrive eigne debattinnlegg.

Vi anbefaler at du som lærar ser på ressursen "Kunstig intelligens og språklæring" før elevane arbeider med den ressursen du er inne i no.

Del 1: Logg inn på Min NDLA

I denne delen av oppgåva skal du logge deg inn på Min NDLA. Følg instruksjonane under:

  1. Logg deg inn på Min NDLA. Du finn innlogging øvst til høgre på ndla.no og loggar deg inn via Feide.

  2. Vel "NDLA Praterobot" og så "Elevhjelp".

Del 2: Be om forslag til argument

I denne delen skal du be roboten om å komme med forslag til argument du kan bruke i eit debattinnlegg om eit tema du har valt sjølv. Her er eit forslag til kva du kan skrive til elevhjelpa:

  • Du skal hjelpe med å finne argument til eit debattinnlegg om psykisk helse. Målgruppe for debattinnlegget er ungdom og vaksne. Det er viktig at argumenta inneheld nokre av verkemidla som er typiske for debattinnlegg.

Hugs å trykke "send" kvar gong du skal prate med roboten.

Les godt gjennom forslaga elevhjelpa kjem med. Kva synest du om dei? Vurder alle nøye. Spør fleire gonger for å få meir presise svar eller be om døme. Fekk du litt fleire idéar til argument no?

Del 3: Be om typiske verkemiddel

No skal du be prateroboten om hjelp til å bruke typiske verkemiddel for debattinnlegg på eitt av argumenta frå del 2.

Vel eitt av argumenta prateroboten kom med, og vel eit typisk verkemiddel for debattinnlegg. I dømet har vi valt gjentaking, men du kan velje eit anna verkemiddel viss du vil det.

  • Eg synest det høyrest lurt ut med eit argument om økonomisk støtte. Kan du lage eit argument om økonomisk støtte der du bruker gjentaking som verkemiddel?

Del 4: Be om språkhjelp

  1. Bruk prateroboten til å få ein tekst som er lett å lese. Du kan be han om å forenkle teksten, og du kan be han forklare med døme. Her får du eit forslag til kva du kan skrive til elevhjelpa:

    • Kan du skrive med litt enklare ord? Eg synest orda "velværet til individet" er litt vanskelege.

  2. Bruk prateroboten for å få teksten eller delar av teksten omsett til eit anna språk du kan. Her får du eit forslag til kva du kan skrive til elevhjelpa:

    • Kan du omsetje teksten til arabisk?

  3. Vurder omsetjinga du får frå prateroboten.

    • Er ho god, eller er det delar av omsetjinga du ikkje synest er så god?

    • Gir omsetjinga meining?

    • Korleis ville du sjølv ha skrive det?

Del 5: Skriv dine eigne tankar

Skriv eit kort refleksjonsnotat til læraren din om korleis det var å jobbe med prateroboten på denne måten. Du skal svare på desse spørsmåla:

  1. Korleis var det å bruke prateroboten som verktøy til å førebu seg på å skrive eit debattinnlegg?

    • Kva var positivt?

    • Kva var utfordrande?

  2. Kva lærte du om å bruke praterobot i undervisninga i dag?

  3. Korleis kan prateroboten hjelpe deg viss det er ord eller setningar du synest er vanskelege å forstå?

  4. I denne oppgåva har du fått forslag frå prateroboten til argument du kan bruke i eit debattinnlegg. Men det er ikkje lov å kopiere tekst frå prateroboten og levere han inn som din eigen tekst. Å be han skrive debattinnlegget for deg er .

    • Kva kan du då gjere for at dette skal bli din tekst når du bruker nokon av forslaga frå prateroboten?

    • Når er det inspirasjon og hjelp?

    • Når er det fusk?

Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 09.10.2024