Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Samiske språk

Samisk er ikkje berre eit språk. Veit du kva for samiske språk som finst?

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte i teksten:

samisk
namn på språk som samane snakkar
førstespråk
det språket du lærer først, morsmål
andrespråk
språk du lærer etter førstespråket

Samiske språk i Noreg i dag

Viss du ser på kartet over, ser du at det er ti samiske språk. I Noreg er det tre levande samiske språk: nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk. Det blir gitt opplæring i desse tre samiske språka i Noreg. Kartet viser òg at vi har pitesamisk i Noreg, men det er så få som snakkar språket, at vi reknar det som sterkt .

I Noreg er det fleire elevar som har samisk som førstespråk og som andrespråk no enn før. Det blir òg snakka samisk i delar av Sverige, Finland og Russland.

Nordsamisk

Nordsamisk er det største samiske språket. Det er omtrent 25 000 personar som snakkar nordsamisk. Det blir snakka i Troms og Finnmark, og i enkelte kommunar i Nordland fylke.

Det er ikkje så mange ord frå nordsamisk som har fått plass i det norske språket, men orda pulk og lavvo er to døme. Begge orda er knytte til samisk kultur.

Lulesamisk

Det er rundt 600 personar som i dag bruker språket lulesamisk. Lulesamisk kan kanskje forsvinne fordi det er få personar som bruker det. Det er rekna som alvorleg trua. Dei som snakkar lulesamisk, bur stort sett i nokre få kommunar i Nordland. Sjå kartet der lulesamisk er markert med L og ein rosa farge.

Sørsamisk

Det er omtrent 1 000 personar som kan snakke det sørsamiske språket. I heile Sápmi, området samane bur i, er det omtrent 2 000 sørsamar. Halvparten bur i Noreg.

På kartet kan du sjå at det sørsamiske språket blir snakka midt i Noreg. Det er markert med S og ein grøn farge. Området er delar av Nordland, Trøndelag og Innlandet.

Likskapar og ulikskapar mellom sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk

Nordsamisk og sørsamisk er veldig ulike språk, mens lulesamisk har nokre likskapar med både nordsamisk og sørsamisk. I oversikta under kan du sjå det første verset av den samiske nasjonalsongen på norsk, nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk.

Tenk over

Klarer du å finne nokon ord som liknar kvarandre i det første verset av den samiske nasjonalsongen?

Norsk

Langt mot nord under Karlsvognen sakte stiger Samelandet. Vidde seg bak vidde strekker, sjø ved sjø hvor øyet rekker. Lier, åser, snaue rabber hever seg mot himmelbrynet. Elver bruser, skoger suser, stålgrå, steile fjell-nes skyter mot det ville hav seg ut.

Gjendikting til norsk: Jacob Børretzen

Nordsamisk

Guhkkin davvin Dávggáid vuolde sabmá suolggaid Sámieatnan. Duottar leabbá duoddar duohkin, jávri seabbá jávrri lahka. Čohkat čilggiin, čorut čearuin allánaddet almmi vuostái. Šávvet jogat, šuvvet vuovddit, cáhket ceakko stállenjárggat máraideaddji mearaide.

Tekst: Isak Saba

Lulesamisk

Nuorttan Juoksanástij vuolen dáppen ráfes Sámeednam. Duottarduogen duottar vuojnnu, jávre sledju lahkalakkoj. Tjåhkå allen, båre tjæron allánaddi alme vuosstij. Jågå skåvvi, vuome sjåvvi tsáhki tsækko stállenjárga máradiddje merajda.

Gjendikting til lulesamisk: Sigga Maria Tuolja Sandström

Sørsamisk

Noerhtenaestiej gïjken nueliem soejmi Saemielaante jæjhta. Vaerieh vaeriej duekieh vååjnoeh, jaevrieh jaevriej dubpielisnie. Elmien vööste vaartoeh, aesieh lokngesieh jïh vitnededtieh. Johkh jïh skåakh jis bursieh, sjuvvieh, kraevies praare baektienjuanah saelhtietjaetsiem dåastoehtieh.

Gjendikting til sørsamisk: Anna Jacobsen

Gratulerer med dagen!

Den samiske nasjonaldagen er 6. februar. Vil du lære deg korleis du seier "Gratulerer med dagen" på samisk? Du kan uttale orda akkurat som dei står skrivne:

nordsamisk: Lihkku beivviin!

sørsamisk: Læhkoeh biejjine!

lulesamisk: Vuorbbe biejvijn!

Sjå og høyr gratulasjonar frå fleire kjende samar på NRK.

Kjelder

Lulesamisk. (2024). I Store Norske Leksikon. Hentet fra https://snl.no/lulesamisk

Nordsamisk. (2024). I Store Norske Leksikon. Hentet fra https://snl.no/nordsamisk

Sørsamisk. (2024). I Store Norske Leksikon. Hentet fra https://snl.no/s%C3%B8rsamisk

Regjeringen. (2018). Fakta om samiske språk. https://www.regjeringen.no/no/tema/urfolk-og-minoriteter/samepolitikk/samiske-sprak/fakta-om-samiske-sprak/id633131/

Relatert innhald

Skrive av Oddvar Engan, Ragna Marie Tørdal, Åsa Abusland og Elisabeth Lønning. Rettshavar: Dialektxperten.
Sist oppdatert 11.06.2025