Les ein tekst kritisk
Del 1: Sjå ein film og diskuter
Sjå filmen om kritisk tenking (lengde 7:07).
Diskuter i klassen:
Tenker de kritisk i kvardagen? I så fall korleis?
Har de nokon gong blitt lurte av ein tekst? Forklar.
Del 2: Finn ein tekst

Du har nettopp sett ein film om kritisk tenking. Han viser at mange filmar, bilete og nyheiter prøver å påverke oss. Av og til er det sant, andre gonger er det ikkje heilt rett. Derfor må vi vere kritiske.
Oppgåve:
Finn eit døme på ein tekst du synest det er viktig at vi er kritiske til. Det kan vere ein film, ein reklame, ei nyheit eller eit innlegg på sosiale medium.
Svar skriftleg på desse spørsmåla:
Kven har laga teksten (avsendar)?
Kven prøver dei å nå (mottakar)?
Kva vil denne teksten få deg til å tru, kjenne eller gjere (bodskap)?
Kva verkemiddel bruker dei for å få fram bodskapen sin?
Kvifor meiner du det er viktig at vi er kritiske til nettopp denne teksten?
Del 3: Del og diskuter
Gå saman i grupper på tre–fire personar.
Vis teksten din til gruppa di.
Fortel dei andre i gruppa kven som er avsendar, kven som er mottakar, kva som er bodskapen i teksten, og kva verkemiddel som er brukte. Avslutt med å forklare kvifor du meiner det er viktig å vere kritisk til han.
Diskuter tekstane etter at alle har presentert. Vel ut den de synest er det beste dømet for å vise at det er viktig å tenke kritisk.
Del 4: Presenter i klassen
Gruppa viser fram den teksten dei har valt ut. Presenter han ved å fortelje om
avsendar
mottakar
bodskap
verkemiddel
kvifor det er viktig å vere kritisk til teksten