Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Å skrive på andrespråket

Fagstoff

Kom i gang med skriving!

Synest du det er vanskeleg å få nok idéar til kva du kan skrive om? Her får du tips om korleis du kan gå fram når du skal skrive ein tekst om eit tema.

Kva skal du skrive om?

Les alltid oppgåva nøye. Kva ber ho deg om å skrive om? Kva seier oppgåveteksten at du skal gjere? Får du til dømes eit tema du skal over, bør du både finne ut kva du sjølv tenker, men òg undersøke kva andre tenker om det same.

Her får du nokre råd om det vi kallar , og om korleis du kan organisere alt du kjem på der.

Til lærar

Det er lurt å modellere korleis elevane kan bruke tankekart i idéfasen. Tenkt høgt når du viser på tavla korleis du jobbar. Vis korleis dei kan bruke fargar og symbol til å markere kva som høyrer saman, kva som er motsetningar og så vidare.

Du kan bruke dømet i teksten under, eller gjere det same med eit heilt nytt tema.

Kva tenker du?

  1. Skriv ned først. Skriv så ned alt du tenker om temaet. Bruk .

    • Bruk gjerne eit . Skriv alt du kjem på, og skriv gjerne på det språket du kan best. Her er ingenting feil, det viktigaste er å skrive tankane dine ned.

    • Du kan òg bruke ord du finn i oppgåveteksten i tankekartet.

  2. For kvart av stikkorda i tankekartet skal du skrive ned noko du sjølv har opplevd, kjenner til eller tenker på. Skriv kort, gjerne stikkord her òg.

Kva tenker andre?

  1. Kjenner du til andre meiningar om temaet?

    • Kven meiner noko anna?

    • Kva meiner dei?

    • Kanskje veit du noko om kvifor dei meiner det?

    Skriv alt inn som stikkord i tankekartet.

  2. Søk på internett etter informasjon om temaet. Du skal ikkje lese mykje og nøye, men undersøke om det dukkar opp noko viktig om temaet du ikkje har tenkt på. Skriv det nye du finn som stikkord i tankekartet.

Rydd i tankekartet

  1. Sjå på alt du har skrive inn i tankekartet. Er det noko som handlar om det same og høyrer saman? Då kan du markere stikkorda med same farge, eller du kan bruke piler mellom orda for å vise at dei høyrer saman.

  2. Vel det du meiner er dei tre viktigaste stikkorda i tankekartet ditt. Set gjerne nummer på orda. Desse tre orda skal du bruke som tema for tre avsnitt i hovuddelen i teksten din. Alle dei andre stikkorda som heng saman med dei tre stikkorda, kan hjelpe deg med å skrive avsnitta.

  3. I tankekartet har du no "" til ein tekst. No skal du berre fylle på med setningar!

Sjå dømet under.

Døme

Oppgåve: Skriv ein tekst der du reflekterer over kva det vil seie å vere norsk.

Alt eg kjem på: kunne språket, ha norsk pass, ete fiskekaker, vere statsborgar, ha bunad, gå på tur

Det eg veit andre tenker: må oppføre seg som nordmann, vere fødd i Noreg

Det eg finn på nettsøk: du er norsk om du kjenner deg norsk, identitet, kan vere litt eller mykje norsk, krysskulturell (både norsk og noko anna), formelt norsk

Tankekartet mitt blir slik:

Start med å skrive

Lag ei til kvart av dei tre stikkorda du har valt som dei viktigaste. Etterpå skriv du inn dei stikkorda som høyrer til. Kanskje kjem du på fleire når som du er i gang med å skrive? Då legg du inn nye stikkord i "skjelettet" ditt.

I dømet over kan dei tre temasetningane sjå slik ut:

  1. Identitet: Å vere norsk kan handle om identitet, altså kven du føler at du er.

    • Stikkord som passar her er: oppføre seg norsk, gå tur, ete fiskekaker, ha bunad, kunne språket.

  2. Formelt norsk: Du blir formelt norsk når du får statsborgarskap.

    • Stikkord som passar her er: fødd i Noreg, norsk pass, ha rettar (kan stemme ved val), få plikter (gå inn i militæret).

  3. Krysskulturell: Du kan tilhøyre fleire kulturar.

    • Stikkord som passar her er: litt norsk, litt ein annan kultur, krav frå begge sider, vanskeleg å passe inn i fleire kulturar, kan mange språk

Er du klar for å prøve sjølv?

Skriv ein reflekterande tekst om eit av desse temaa:

  • Korleis og kvifor lære seg nye språk?

  • Kva kan du gjere for å ta vare på naturen?

  • Bør det vere aldersgrense på sosiale medium?

  • Bør skuledagen starte seinare?

  • Kva er fordelar og med kulturmøte?

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 06.05.2025