Diskusjonsreglane i klassen

Oppgåve 1
Les artikkelen "Slik får vi betre diskusjonar".
Del 1: For deg sjølv
Skriv ned minst tre punkt du trur kan gjere det lettare å diskutere i klassen din.
Del 2: Diskuter i grupper
Korleis kan de bruke noko av det som står i fagartikkelen for å få til endå betre diskusjonar i klasserommet?
I diskusjonen: Prøv ut tipsa frå artikkelen om det å lytte, bruke kroppsspråket og sjekke at de har forstått.
Del 3: Del kva gruppa kom fram til med resten av klassen
Samanfatt nokre punkt de blir einige om skal gjelde for diskusjonar i klasserommet.
Oppgåve 2
Det kan vere lett å gløyme korleis vi har gode diskusjonar når debatten blir ustyrleg. Derfor er det smart å lage noko som kan henge i rommet for å minne om diskusjonsreglane i klassen.
- Lag store snakkebobler av A4-ark. Bruk gjerne malen som ligg under her.
- Skriv éin diskusjonsregel i kvar snakkeboble.
- Lim boblene på eit tjukt ark og klipp ut boblene.
- Desse kan henge på veggene, eller i tråd frå taket i klasserommet, for å minne dykk på korleis klassen vil at diskusjonar skal vere.
- Snakkebobler(DOCX)
Oppgave 3
Bli einige om kva for eit av dei to temaa under de vil diskutere:
lekser
mobilforbod på skulen
Seier de ja eller nei til emna over? Alle i klassen skal først berre skrive anten "ja" eller "nei" på ein lapp. Skriv ned det første du tenker.
Finn så nokon i klassen som har svart det motsette av deg og diskuter temaet. Kvifor svarte de som de gjorde? Bruk det de har lært om å diskutere.
Gi kvarandre tilbakemeldingar undervegs viss de gløymer nokon av reglane for gode diskusjonar. Hugs å lytte og vise respekt!
Etter diskusjonen:
Blei de einige om noko av det som blei diskutert? Kvifor / kvifor ikkje?
Lytta de til kvarandre sine synspunkt?
- Lærte de noko nytt om temaet saman? Endra de meining? Forklar!