Reglar for formelle diskusjonar

Før du les
Desse fagomgrepa bør du sjå nærare på før du les vidare:
- Formell diskusjon
- Ein formell diskusjon er ein diskusjon der samtalen følger spesielle reglar og ofte handlar om viktige tema.
- Ordstyrar
- Ein ordstyrar er ein person som leier diskusjonen. Denne personen passar på at alle følger reglane.
- Replikk
- Ein replikk er eit kort svar til noko andre har sagt.
- Talarliste
- Ei talarliste er ei liste over alle som har bede om å få seie noko i ein diskusjon.
- Innlegg
- Her: Eit innlegg i ein debatt er når du seier meininga di om ei sak. Du kan ha fleire innlegg i same debatt.
- Avstemming
- Avstemming er når det blir stemt over ei sak. Til dømes kan dei som har vore på eit møte, bli bedne om å stemme ja eller nei til eit forslag.
- Vedtak
- Eit vedtak er noko som er bestemt, til dømes etter ei avstemming på eit formelt møte.
Reglar for diskusjonen
For at ein diskusjon med mange deltakarar skal gå rett for seg, trengst det reglar. Det trengst òg ein person som kan passe på at alle følger reglane. Her skal vi gå gjennom korleis ein formell diskusjon kan sjå ut:
Ordstyrar
Ordstyraren er den som skal leie diskusjonen. Ordstyraren startar med å ønske alle velkommen og seie litt om kva som skal diskuterast. Denne personen passar òg på at alle følger reglane.
Hald eit innlegg
Når ordstyraren har innleidd, kan du rekke opp handa viss du vil seie noko. Ordstyraren skriv ned namnet ditt på ei talarliste og seier ditt namn når det er din tur. Du kan be om ordet og ha fleire innlegg.
Kom med ein replikk
Viss du vil svare kort på noko som nettopp blei sagt, kan du be om ein replikk. Rekk opp handa og sei "Replikk!" eller vis eit V-teikn med to fingrar. Du kan ikkje starte eit heilt nytt emne då, berre svare kort på noko andre har sagt.
Du kan ikkje be om replikk mange gonger. Ofte får du berre to replikkar i løpet av ein diskusjon. Skal du seie litt meir, må du be om å halde eit nytt innlegg. Då rekk du opp handa igjen og blir skriven opp på talarlista.
Pass på tida
Ordstyraren sjekkar at alle får snakke utan at det tek for lang tid. Viss det begynner å bli lite tid igjen, kan ordstyraren seie at alle må bruke kortare tid på innlegga sine. Ordstyraren kan òg "setje strek", som betyr at ingen nye kan be om ordet etter det.
Ver høfleg
Det er viktig å oppføre seg fint. Ingen skal fornærme nokon eller seie stygge ting til eller om andre.
Hald deg til temaet
Pass på at du snakkar om det som blir diskutert og ikkje trekker inn andre saker du er oppteken av. Viss nokon snakkar for mykje utan å halde seg til temaet, kan ordstyraren stoppe dei og gi ordet til andre. Då følger ordstyraren talarlista – til alle som står der har snakka.
Ordstyrar samanfattar
Ordstyraren avsluttar diskusjonen med ei kort oppsummering av kva deltakarane har komme fram til. Dersom diskusjonen skal ende med eit vedtak, går saka no vidare til avstemming. Då kan alle stemme på dei ulike forslaga som har komme i løpet av diskusjonen.
Gode råd til diskusjonen
Ver førebudd: Les om emnet på førehand og tenk på kva du vil seie. Vis gjerne til kjelder som støttar det du meiner.
Følg med og ver høfleg: Det er viktig å lytte til andre og ikkje avbryte. Snakk kort og ver tydeleg.
Bruk døme: Det gjer det lettare for andre å forstå kva du meiner.
Fokus på løysingar: Snakk om positive sider, og korleis ting kan forbetrast.
