Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Slik får vi betre diskusjonar

Nokre diskusjonar er gode, andre er dårlege. Kva kan du gjere for at diskusjonane i klassen og andre stader skal bli betre?

Før du les

Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Diskusjon
Ein diskusjon er ein samtale der dei som deltek, er ueinige om noko.
Dialog
Dialog er ein samtale der minst to snakkar saman og lyttar til kvarandre.
Kroppsspråk
Kroppsspråk er dei kjenslene vi viser med kroppen vår. Til dømes kan du bøye nakken for å vise at du er trist.

Saman – ikkje mot kvarandre

I klasserommet bør alle kunne diskutere fritt. Det å snakke saman om ulike tema er viktig! For at alle skal oppleve at det er greitt å diskutere, er det viktig å sjå på den du snakkar med som ein hjelpar, ikkje ein fiende. Dette gjer at de behandlar kvarandre med meir respekt. Viser de kvarandre respekt, blir det enklare å få til eit trygt og godt .

Ueinigheit er bra

Det er greitt å vere ueinig, men tenk over korleis du viser ueinigheit. Å angripe nokon personleg eller er ikkje bra. Til dømes i staden for å seie "Det du seier, er dumt", kan du seie "Eg er ikkje einig i det, kan du forklare meir?"

Lytt utan å avbryte

Viss du berre er oppteken av kva du sjølv meiner, gløymer du fort å høyre kva den andre har å seie. Då blir det ingen . Det er bra å lytte til kva andre seier og så legge til dine eigne tankar. Men ikkje snakk berre for å di eiga meining.

Du har kanskje opplevd at nokon begynner å prate mens du snakkar om noko som er viktig for deg? Det kjennest ikkje bra. Mange blir irriterte, og somme kan bli sinte når dei blir . Prøv derfor å ikkje avbryte når den andre snakkar.

Tenk over

  • Korleis kan du vise at du er ueinig utan å angripe motstandaren i ein diskusjon?

  • Kva bør du unngå å gjere i ein diskusjon?

Kroppsspråket er viktig

Tenk over korleis du sit eller står når du diskuterer. Viss du bøyer kroppen din litt framover og held armane opne, viser du at du er interessert og open for nye idéar. Å viser at du lyttar. Til dømes viss nokon fortel deg om ein film dei har sett, og du nikkar, viser det at du lyttar og bryr deg om kva den andre seier.

Finn ut om du har forstått

Vis at du forstår ved å gjenta eller kva den andre har sagt. Du kan seie: "Så du meiner at vi bør ha kortare skuledagar?" eller "Har eg forstått deg rett når eg seier at du synest vi treng meir gruppearbeid?"

Spørsmål kan òg gjere samtalen betre og gjere at vi unngår misforståingar. Prøv: "Kva meiner du med 'fleire pausar'?" eller "Kan du fortelje meir om idéen din om eit gruppearbeid?"

Ved å følge desse råda kan alle føle at dei blir lytta til, og diskusjonane blir betre.

Tenk over

  • Er det vanleg i klassen at de stiller slike spørsmål som ovanfor for å samanfatte eller sjekke at de har forstått?
  • Korleis kjennest det når den du snakkar med, ber deg fortelje meir om noko?
Skrive av Caroline Nesbø Baker og Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 19.09.2024