Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Kva er typisk norsk?

Kva tenker du er typisk norsk? I teksten "Rare ting folk gjør i påsken" frå boka En frosk i fjorden. Kunsten å bli norsk fortel franske Lorelou Desjardins om møtet sitt med norske påsketradisjonar.

Del 1: Før du les

Jobb saman to og to.

  1. Snakk saman om ein gong de opplevde noko morosamt eller litt rart med norsk kultur. Korleis var det annleis enn det de er vane med frå dykkar eigen kultur?

  2. Kjenner de til nokon typisk norske tradisjonar for jul og påske?

Del 2: Les teksten og skriv stikkord

Jobb individuelt.

Les teksten "Rare ting folk gjør i påsken" og skriv til heile teksten. Stikkorda skal du bruke til å handlinga med eigne ord til ein annan i klassen.

Døme: Eit godt stikkord til starten på teksten kan vere: "fridagar". Då kan du bruke dette stikkordet til å hugse at eg-personen ønsker eit møte med kollegaene sine, men at dei takkar nei fordi dei har planar om ein så lang påskeferie som mogleg.

Del 3: Fortel att handlinga

Jobb saman munnleg to og to.

Fortel att handlinga i teksten "Rare ting folk gjør i påsken".

  • Bli einige om kven som fortel frå første delen av teksten, og kven som tek den siste delen.

  • Fortel att i rett ut frå stikkorda de har skrive i del 2. Bruk eigne ord.

  • Hjelp kvarandre viss det er noko viktig den andre har gløymd.

Del 4: Diskuter teksten

Jobb saman munnleg to og to. Samanfatt i felles klasse til slutt.

  1. Kva er det som overraskar Lorelou Desjardins med det norske arbeidslivet rundt påske?

  2. Kvifor bruker personane så lang tid på å komme seg til hytta, ifølge eg-personen Desjardins?

  3. Kva er det som gjer at Ramu blir så kald undervegs på turen?

  4. Kvifor blir det fullt av røyk inni hytta, slik at brannalarmen går?

  5. Kvifor blir Desjardins irritert på dama frå Storbritannia? Synest de ho har grunn til å bli irritert? Grunngi svaret.

  6. Kva for nokon norske påsketradisjonar fortel Desjardins og kollegaen hennar, Ingebjørg, om?

  7. Forklar kva Desjardins meiner at den norske består av. Er de einige i denne ? Grunngi svaret.

Del 5: Bruk ord frå teksten i eigne setningar

Jobb individuelt.

teksten og finn ti ord som var ukjende for deg, men som du vil bruke når du snakkar og skriv norsk. Skriv ned orda, og kva dei betyr. Skriv ei setning til kvart ord du har valt.

Døme:

  • Ordet "travel" betyr å vere oppteken og ha mykje å gjere.

    • Setning: Eg har det så travelt, at eg dessverre ikkje kan bli med på kino.

Del 6: Skriv ein eigen tekst

Jobb indivduelt.

Skriv ein eigen tekst på 150–300 ord av teksten til Lorelou Desjardins. Temaet skal vere møte med norsk kultur.

  • Skriv i første person eintal (eg).

  • Bruk humor!

  • Ta i noko du har opplevd sjølv.

Relatert innhald

Rare ting folk gjør i påsken

Eit kapittel frå boka En frosk i fjorden. Kunsten å bli norsk. Boka er skriven av Lorelou Desjardins og sett om av Linda Marie Vikaune.

Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 01.05.2025