Kva betyr verba i læreplanen?

Kvifor er det viktig å vite kva verba betyr?
Når du får ei oppgåve i norsk, bør du alltid legge merke til verbet i oppgåva. Viss oppgåva ber deg samanlikne noko, så er det viktig at du gjer nettopp dette, og ikkje noko anna.
Det er lett å gjere feil viss du ikkje forstår kva verba betyr. Derfor er det viktig å lære dei godt.
Kva betyr verba?
Vi vil her forklare verba på ein enkel måte, for kva vil du gjere viss oppgåva ber deg om å
gjere greie for bananar og eple
drøfte kva som er best av bananar og eple
vurdere kva som er best av bananar og eple
reflektere over kva som er best av bananar og eple
samanlikne bananar og eple

1. Gjere greie for
Å gjere greie for betyr å forklare, beskrive og gi informasjon. Du skal ikkje seie kva du sjølv meiner, men berre vise kva du veit om emnet.
Døme
Bananar er gule og veks i varme land. Dei smaker søtt og er mjuke. Eple veks i Noreg og kan vere raude, grøne eller gule. Eple er harde og sprø og har ein frisk smak. Begge fruktene inneheld vitamin og er sunne.
2. Drøfte
Å drøfte betyr å sjå på fleire sider av ei sak, både fordelar og ulemper, utan å fortelje for tydeleg kva du sjølv meiner. Du skal skrive objektivt. Det betyr at du ikkje skal skrive "Eg meiner" og "Eg synest". I tillegg skal du vise at du kjenner til ulike argument.
Døme:
Ein fordel med bananar er at banankjøttet held seg reint fordi det har skal rundt seg. På den andre sida blir dei fort brune, og mange synest dei er for søte. Det positive med eple er at dei er sprø og friske, men ulempa er at mange synest dei er for sure.
3. Vurdere
Å vurdere betyr å seie noko om kva som er bra, og kva som er dårleg, og komme med ei meining. Det er viktig at du forklarer kvifor du meiner det du gjer.
Døme:
Bananar er gode fordi dei er søte og enkle å ta med i matpakken, men dei blir fort brune. Eple held seg lenger og er sprø og friske. Eg synest eple er best fordi dei smaker litt ulikt og ikkje er så klissete.
4. Reflektere
Å reflektere betyr å tenke over noko og vise at du ser samanhengar. Du kan gjerne bruke eigne erfaringar og stille spørsmål i teksten.
Døme
Eg har ofte lurt på kvifor nokon alltid vel banan, mens andre liker eple betre. Kanskje handlar det om kva vi vaks opp med? Eg tenker òg at eple kjennest meir naturlege for meg sidan vi dyrkar dei i Noreg. Kanskje fruktval handlar meir om vanar enn smak?
5. Samanlikne
Å samanlikne betyr å vise likskapar og forskjellar mellom to ting. Du kan bruke ord som likt, ulikt, begge, mens, på den andre sida og så vidare.
Døme
Både bananar og eple er frukt og inneheld vitamin. Men mens bananar er søte og mjuke, er eple sprø og syrlege. Bananar må du skrelle, men eple kan du ete som dei er. Ein annan forskjell er at bananar kjem frå varme land, mens eple blir dyrka i Noreg.
Når oppgåva har fleire verb
Når du forstår kva verba i oppgåva betyr, blir det mykje lettare å skrive gode tekstar. Av og til kan ei oppgåve til og med innehalde fleire verb. Då er det viktig at du markerer verba slik at du svarer på alt oppgåva spør om.
Eit døme er:
Gjer greie for bananar og eple. Vurder så kva som er best av bananar og eple.
Oppsummering
Neste gong du får ei norskoppgåve, kan du sjå på dette:
Gjere greie for: Kva veit du?
Vurdere: Kva meiner du?
Drøfte: Kva er for, og kva er imot?
Reflektere: Kva tenker du, og kvifor?
Samanlikne: Kva er likt, og kva er ulikt?
Relatert innhald
Øv deg på dei ulike verba i læreplanen. Skriv om anten kjæledyr, superkrefter eller skulefag.