I 1814 fekk Noreg si eiga grunnlov etter å ha vore styrt av Danmark i lang tid. No blei det viktig å vise kva som var norsk kultur og språk, noko som òg påverka samane. Dei som styrte i Noreg, kravde at samane skulle bli norske. Her kan du sjå ein film og lese om det som skjedde.
Den stille kampen: Skam og stoltheit
Den første episoden av dokumentaren Den stille kampen (lengde 28:30) viser korleis samane blei fornorska på 1800- og 1900-talet. Fornorskingspolitikken tvinga samane til å bli norske og gi slepp på den samiske kulturen. Vi møter her Susann, som plutseleg oppdaga at ho var same.
Ordforklaringar til filmen
Same
Samane tilhøyrer den samiske folkegruppa som tradisjonelt har budd i delar av Noreg, Sverige og Finland.
Sprell levande
Å vere sprell levande betyr å vere veldig levande.
Grumsete
Her: Grumsete er noko skitent og ureint.
Skambelagt
Når noko er skambelagt, er det så flautt, at ein skammar seg over det.
Internatskole
Ein internatskule er ein skule der elevane bur, borte frå familien sin.
Mishandling
Å mishandle nokon er å skade nokon med vilje.
Sápmi
Sápmi er det samiske namnet på staden der samane bur. Det er i Noreg, Sverige, Finland og Russland.
Manndalen
Manndalen er ei bygd i Kåfjord kommune i Troms.
Reindriftsutøving
Å drive reindriftsutøving er å jobbe med reinsdyr.
Joik
Joik er tradisjonell samisk song.
Lappisk
Lappisk er eit gammalt ord for det å vere samisk. I dag blir ordet oppfatta som negativt, og blir ikkje lenger brukt.
Sjøsame
Ein sjøsame er ein same som bur ved kysten, og som tradisjonelt har drive med fiske, ofte i tillegg til husdyr.
Styresmaktene
Styresmaktene er dei som bestemmer i eit land.
Vidda
Vidda er eit ope og flatt område på fjellet.
Samisk
Samisk er eit språk som er del av den uralske språkfamilien. Samiske språk blir snakka i Noreg, Sverige, Finland og Russland.
Storsamfunnet
Her: Storsamfunnet er landet Noreg.
Bli gode nordmenn
Her: Å bli gode nordmenn vil seie å snakke og skrive norsk, og oppføre seg som nordmenn på alle måtar.
Ha samiske røter
Å ha samiske røter vil seie å ha familie med samisk bakgrunn.
Skam
Du kjenner på skam når noko er flautt og pinleg, og ofte vanskeleg å snakke om.
Overvinne
Å overvinne noko betyr å få noko til, sjølv om det er litt utfordrande. Døme: Eg vil overvinne redselen min for å snakke høgt framfor klassen.
Generasjon
Ein generasjon er ei gruppe menneske som er fødde omtrent på same tid og veks opp i same tidsperiode. Vi kan til dømes snakke om ein besteforeldregenerasjon, ein foreldregenerasjon, og at barna er den yngste generasjonen.
Kofte
Kofte er eit tradisjonelt samisk klesplagg.
Morgongåve
Morgongåve er ei gåve du får av ektefellen om morgonen dagen etter bryllaupet.
Ditt og datt
Ditt og datt kan seiast om noko som er det eine og det andre, litt ulikt.
Identifisere
Å identifisere seg med noko er å kjenne seg igjen i noko, rekne seg som ein del av noko.
Tre noko over nokon
Å tre noko over nokon er å få andre til å gjere ting utan at dei eigentleg vil, å tvinge nokon.
Utriveleg
Når noko er utriveleg, er det ikkje hyggeleg.
Lengte
Å lengte etter nokon er å sakne nokon.
Intenst
Intenst er når det er veldig mykje av noko.
Stifte kjennskap med
Stifte kjennskap med er å bli kjend med.
Husmor
Her: Ei husmor er ein person (tidlegare ofte ei kvinne) som passar på barna som bur på ein internatskule.
Komplisert
Når noko er komplisert, er det vanskeleg.
Samisktalande
Ein person som er samisktalande, er ein person som snakkar samisk.
Konstant
Når noko går føre seg konstant, går det føre seg heile tida.
Temmeleg hjelpelaus
Viss du er temmeleg hjelpelaus, er du ganske dårleg til å klare deg utan hjelp.
Går over hovudet til klassen
Når noko går over hovudet til klassen, forstår ikkje elevane undervisninga fordi lærestoffet er for vanskeleg.
Barnemishandling
Når det skjer barnemishandling, blir barn behandla veldig dårleg, til dømes ved bruk av fysisk eller psykisk vald.
Offentleg regi
Når noko er bestemt av staten, seier vi at det skjer i offentleg regi.
Nordmenn i høgare stillingar
Nordmenn i høgare stillingar er nordmenn med jobbar som blir sette på som viktige og godt betalte.
Fremme behova mine
Når du fremmar behova dine, får du fram at eigne behov er viktige, og du fokuserer på det som er viktig for deg sjølv.
Stammar frå oppveksten
Når noko stammar frå oppveksten, kjem det frå då du vaks opp, frå barndommen.
Underdanig
Når du er underdanig, er du audmjuk og gjer deg mindre viktig enn andre.
Vilkår
Viss det blir stilt vilkår, blir det stilt krav, føresetnader.
Drille inn i dei
Her: Å drille inn i dei noko betyr å krevje at andre skal lære seg noko.
Ung nasjon
Ein ung nasjon er eit land som ikkje har vore eit sjølvstendig land så lenge, eit ungt land.
Bygge det norske
Her: Å bygge det norske betyr å framheve det som blir rekna som typisk norsk.
Analfabet
Ein analfabet er ein person som ikkje kan lese og skrive.
Michael Jackson
Michael Jackson er ein kjend amerikansk artist (songar/dansar) som levde frå 1958–2009.
Opphavlege
Det opphavlege er det som var der frå starten, det ekte.
Innvending
Ei innvending er når du kjem med ein kommentar som viser at du er ueinig i det som blir sagt eller skrive.
Strid
Ein strid er ueinigheit, kamp eller konflikt.
Blir splitta
Når noko blir splitta, blir det delt.
Skilte
Her: Å skilte er å setje opp skilt langs vegen.
Ramponert
Når noko blir ramponert, blir det øydelagt.
Vandalisme
Vandalisme er å øydelegge noko med vilje, drive hærverk.
Hærverk
Hærverk er å øydelegge noko med vilje, drive vandalisme.
Nordkalotten
Nordkalotten er namnet på dei delane av Noreg, Sverige og Finland som ligg nord for Polarsirkelen.
Stempla
Her: Å stemple nokon er å gi dei eit dårleg namn eller rykte. Døme: Han blei stempla som tjuv, sjølv om han ikkje var det.
Rasebiologi
Rasebiologi er ein vitskap som forska på menneskerasar. Forskinga såg på fysiske forskjellar mellom ulike folkegrupper, til dømes mellom nordmenn og samar.
Lågareståande rase
Ein rase er eit gammalt ord for ei folkegruppe. Ein lågareståande rase var ei folkegruppe som nokon meinte at var mindre verd enn andre folkegrupper.
Intelligent
Å vere intelligent er å vere smart, ha mykje kunnskap.
Utveksle idéar
Å utveksle idéar er å dele tankar og idéar, å samarbeide med kvarandre.
Rasepolitikken til nazistane
Nazistane sin rasepolitikk viser til Adolf Hitler sine tankar under 2. verdskrig frå 1939–1945. Rasepolitikken hans var ein idé om at nokre menneskegrupper var meir verde enn andre.
Murmansk
Murmansk er ein by og eit fylke i Russland.
Sovjetunionen
Sovjetunionen er namn på ein veldig stor stat som låg både i Europa og Asia. Den fanst frå 1922 til 1991.
Tundra
Tundra er eit naturområde der bakken alltid er frosen og lite kan vekse. Tundraen blir derfor ofte kalla "den kalde ørkenen".
Sovjetborgar
Ein sovjetborgar er ein person som budde i Sovjetunionen.
Dei eldste tider
Dei eldste tider er heilt frå start, heilt frå byrjinga.
Kollektivbruk
Eit kollektivbruk er ein stad der mange samarbeider om jordbruk eller anna arbeid.
Tvangsflytta
Å bli tvangsflytta vil seie at du må flytte sjølv om du ikkje har lyst.
Psykisk belastning
Ei psykisk belastning er noko som er vanskeleg psykisk.
Riven opp med rota
Her: Å bli riven opp med rota vil seie at du må dra utan at du sjølv ønsker det.
Lyspunkt
Eit lyspunkt er noko som er bra, positivt.
Urfolksrådgivar
Ein urfolksrådgivar er ein person som har som jobb å gi råd, hjelp og tips til og om urfolk.
Representere
Å representere er å stå for noko, ha ei rolle. Døme: Då han heldt tale som elevrådsleiar, representerte han alle elevane på skulen.
Traume
Eit trauma er ei vanskeleg oppleving som påverkar kroppen fysisk eller psykisk.
Vigde livet sitt
Å vie livet sitt til noko vil seie å bruke heile livet sitt på éin ting.
Fryktar
Å frykte noko er å vere redd for noko.
Juridisk doktorgrad
Juridisk doktorgrad er ei høg utdanning om lover, og kva som er rett og gale, altså juss.
Samerettsekspert
Ein samerettsekspert er ein ekspert på rettane til samane.
Drikkfeldig
Ein som er drikkfeldig, er ein person som drikk mykje alkohol.
Tabloide
Her: Tabloide nyheiter er nyheiter i aviser, vekeblad, på tv og internett som er laga for å skape merksemd.
Riddu Riđđu-festivalen
Riddu Riđđu-festivalen er ein internasjonal urfolksfestival som blir arrangert i Kåfjord i Nord-Troms kvart år.
Revitalisert
Når noko har blitt revitalisert, har det blitt gitt nytt liv til.
Happening
Ein happening er noko som skjer, ei hending eller eit arrangement.
Fødd med gullbukse og gullbillett i Noreg
Her: Å vere fødd med gullbukse og gullbillett i Noreg er ei beskriving av ein person som har vore heldig.
Forfedrar
Forfedrar er personar i slekta som levde før deg.
Hoppe ut av offerrolla
Å hoppe ut av offerrolla vil seie å slutte å sjå på seg sjølv som eit offer. Eit offer betyr her ein person det er synd på.
Samiske språk er trua. Det betyr at dei samiske språka kan forsvinne fordi få menneske bruker dei. Ein viktig grunn til dette er noko som blir kalla fornorskingspolitikken.
Kva var fornorskingspolitikken?
Frå midten av 1800-talet og fram til andre verdskrigen på 1940-talet ville norske styresmakter at samane skulle bli meir norske. Dei ville at dei skulle slutte å snakke samisk og bli ein del av den norske kulturen i staden. Dette gjorde at mange samar miste språket sitt og kulturen sin.
Kvifor fornorskingspolitikk?
Noreg ville at samane skulle bli som nordmenn, fordi dei trudde det var betre å ha eitt språk og éin kultur i landet. Dei meinte samisk språk og kultur ikkje passa inn.
Noreg seier unnskyld
Så seint som i 2024 beklagaStortinget til samane for urettferda samane opplevde på grunn av fornorskingspolitikken. I denne artikkelen på NRK kan du lese meir om unnskyldninga.
Skulen var viktig i fornorskingspolitikken. Samiske barn fekk all undervisning på norsk, sjølv om dei ikkje kunne språket. Dei måtte òg snakke det norske språket. Samisk kultur blei sett på som mindre viktig, og målet var at samiske barn skulle bli ein del av norsk kultur.
Internatskular
Elevane både budde og fekk undervisning på internatskulane. Ofte låg desse skulane veldig langt heimanfrå.
Frå 1905 til 1940 bygde Noreg 50 internatskular i Finnmark. Mange samiske barn måtte bu der, ofte langt frå familien. På internatskulane var det forbode å snakke samisk.
Dei strenge reglane og saknet etter familien gjorde at mange barn lærte lite og fekk psykiske problem. Foreldra slutta ofte å snakke samisk heime for å skjule den samiske bakgrunnen sin. Dette er ei viktig årsak til at samisk er eit trua språk i dag.
Etter andre verdskrigen (1939–1945) blei samane behandla betre. I 1959 blei det lov å bruke samisk i skulen, og i 1985 fekk samiske barn rett til undervisning på samisk.
Det var ikkje så lett for samiske barn å vite kva som stod på tavla på eit språk dei ikkje hadde lært heime.
I 1987 vedtok Stortinget samelova. Samelova er viktig fordi ho vernar samisk språk, kultur og tradisjonar. Ho gir samane eigne rettar, som rett til å bruke språket sitt og til å ta vare på kulturen sin. I nokre kommunar kan folk få hjelp frå kommunen/fylket på sitt eige språk, og skular og barnehagar skal bruke samisk språk og kultur.
I 1990 godtok Noreg ein viktig avtale om urfolk sine rettar. Det betyr at Noreg anerkjenner at samane er eit urfolk i landet.
Fornorskingspolitikken skapte djupe sår og gjorde at fleire samar miste den samiske identiteten sin. I dag er synet på samane heilt annleis enn under fornorskingspolitikken. No feirar samane nasjonaldagen sin den 6. februar, mange unge samar bruker kofte, det finst samisk barne-tv og ungdomsseriar, og du kan høyre popmusikk med samisk tekst. Samane er stolte av språket sitt og kulturen sin, og dei norske styresmaktene vil hjelpe samane med å ta vare på språket og kulturen. Kanskje gjer dette at samisk språk og kultur overlever?
Riddu Riđđu-festivalen er ein internasjonal urfolksfestival i Nord-Troms. Her samlast urfolk frå mange ulike land.