Dei fleste bruker morsmålet sitt når dei uttrykker kjensler, eller når dei drøymer. Vi kan kalle det hjartespråket vårt. Møt tre unge kvinner som fortel om forholdet sitt til tre minoritetsspråk i Noreg, nemleg sørsamisk, kvensk og nordsamisk.
I filmen Hjertespråket (lengde 7:45) møter du Ella Marie Hætta Isaksen (nordsamisk), Marja Helena Fjellheim Mortensson (sørsamisk) og Nora Marie Ollila (kvensk).
Filmen Hjertespråket. Video: APPLAUS! FILM&TV / CC BY-ND 4.0
Ordforklaringar til filmen
Hjartespråk
Hjartespråket er språket du bruker til å uttrykke kjensler. Ofte er det førstespråket (morsmålet).
Grunnskule
I Noreg er grunnskulen frå 1. til 10. klasse.
Morsmål
Morsmålet er det språket vi lærer som barn. Ordet "førstespråk" blir ofte brukt om det same, altså det første språket vi lærer.
Samisk
Samisk er eit språk som blir snakka av folkegruppa samane, som er ei folkegruppe i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Det finst fleire ulike samiske språk.
Nordsamisk
Nordsamisk er eit av dei samiske språka.
Kven
Kvenane er ein norsk minoritet. Kvenane kom opphaveleg frå Nord-Finland og Nord-Sverige.
Kvensk
Kvensk er språket til kvenane.
Reinbeitedistrikt
Eit reinbeitedistrikt er eit område der samane plasserer reinsdyra for at dei skal beite (ete).
Sørsamisk
Sørsamisk er eit av dei samiske språka.
Formidle
Å formidle er å dele kunnskap eller informasjon med andre.
Identitet
Identitet er kven du er som person. Det handlar om korleis du ser på deg sjølv, og kva som gjer deg spesiell.
Fått frå barnsbein av
At du har fått noko frå barnsbein av, betyr at du har kunna noko heilt frå du var liten.
Tospråkleg
Ein som er tospråkleg kan og bruker meir enn eitt språk.
Status
Her: Statusen seier noko om kva rolle noko har i samfunnet. Når noko har høg status, tenker vi at det er viktig eller har ekstra stor verdi.
Relasjon
Her: Ein relasjon er forholdet mellom personar. Til dømes kan det vere ein god relasjon mellom to tilsette i ei bedrift.
Strekke til
Å strekke til betyr at det du gjer, er bra nok.
Stå støytt i begge kulturar
Å stå støytt i begge kulturar betyr at personen er trygg i begge kulturar og oppteken av å ta vare på begge kulturar.
Hinke på éin fot
Å hinke på éin fot blir her brukt som eit uttrykk for å vise at det er vanskeleg å berre få bruke det eine språket du kan. Du blir ustødig og utrygg på berre eitt bein.
Minoritet
Ein minoritet er dei som er mindretalet i ei gruppe. Språklege minoritetar har eit anna førstespråk enn fleirtalet (majoriteten) av innbyggarane i eit land.
Lulesamisk
Lulesamisk er eit av dei samiske språka.
Identitetsfaktor
Ein identitetsfaktor er noko som påverkar identiteten vår, altså korleis vi er som personar, og korleis vi ser på oss sjølve. Til dømes kan språk eller utdanning vere to identitetsfaktorar.
Joik
Joik er ein tradisjonell samisk song.
Flette sørsamisk språk og joik inn i musikk
Å flette noko inn betyr å setje noko saman til noko nytt. Her vil det seie å la sørsamisk språk og joik bli ein del av musikken.
Stjernekamp
Stjernekamp er eit musikkprogram på tv.
Samlande sak
Ei samlande sak er ei sak som fleire er einige om, og som gjer at folk kjenner dei har noko felles.
Samhald
Samhald betyr at folk held saman og bryr seg om kvarandre.
Kufte
Kufte er eit tradisjonelt samisk klesplagg.
Proppfull
Når noko er proppfullt, er det så fullt at det ikkje er plass til noko meir. Døme: Eg er berre proppfull av kjærleik og optimisme.
Optimisme
Optimisme er når du trur at noko vil gå bra.
Røpe
Å røpe noko er når du seier noko som eigentleg skulle vere hemmeleg.
Ess i ermet
Å ha eit ess i ermet betyr å ha ein hemmeleg fordel, noko positivt som du kan bruke seinare.