Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Diskusjonsøvingar

Øv på det å lytte og snakke etter tur. Det er ferdigheiter som de kan bruke i diskusjonar, både i klasserommet og i samfunnet elles.

Oppgåve

  • Gå saman i grupper på tre.
  • Den i gruppa som har fødselsdag først, får ansvaret for å styre diskusjonen.
  • Dei to andre i gruppa skal no diskutere eit tema og samtidig øve på ulike som vi veit er med på å gjere diskusjonar betre.
  • Nummer tre i gruppa passar på at de følger diskusjonsreglane og kjem med etter øvinga. De kan diskutere tilbakemeldingane saman i gruppa etterpå. Kva fungerte bra, og kva kunne vore betre?
  • Vel eit av desse temaa (eller finn på eit eige):

    • leksefri skule

    • aldersgrense på sosiale medium

  • Bruk litt tid på å førebu dykk på diskusjonsemnet før de set i gang med sjølve diskusjonen. Skriv ned det du veit om emnet, for og imot, og finn kjelder.

Gjennomføring

Vel ein gjenstand (til dømes ein penn eller eit ark) som blir gitt til den som skal snakke. Det er berre lov å snakke når du held denne. Dette kan gjere det enklare å øve på å lytte til kvarandre utan å avbryte. Den som har ansvaret for å styre diskusjonen, passar på at gjenstanden blir overlevert på ein god måte, slik at begge får snakke utan å bli .

Byt på å dele om saka de har valt. Skriv gjerne ned hjelpesetningane, som du finn lenger nede, og bruk dei i diskusjonen.

Til læraren

Det kan vere lurt å skrive hjelpesetningane under på lappar som blir delte ut til elevane. Dei kan gjerne få desse når dei førebur seg til diskusjonen.

Diskusjonsreglar

  1. Vis at du lyttar og har forstått partnaren ved å prøve å gi att hovudpoenget til den andre.
    Hjelpesetningar: Det du meiner er altså at … Eg forstår det slik at du seier at ...

  2. Bygg på kvarandre sine synspunkt.
    Hjelpesetningar: I tillegg til det du seier … Kva om det du seier er … Eg høyrer kva du seier, og eg trur at dette kan bety at ...

  3. Vis når du er ueinig, men utan å bli sint eller ved å vere usakleg. Vis òg at du er glad for at andre kjem med synspunkta sine, sjølv om dei er ueinige med deg.
    Hjelpesetningar: Eg er ueinig med deg i dette, fordi eg meiner at ...
    Det er viktig at du kjem med di meining, fordi det gjer at eg ser ...

  4. Pass på ditt. , eller sitje med armane kan verke og .
  5. Be den andre om å utdjupe synspunkta og påstandane sine. Det kan bidra til at de lyttar meir merksamt til kvarandre. Det kan òg rydde opp i .
    Hjelpesetningar: Kan du fortelje meg meir om ...? Kva slags kunnskap eller kjelder bygger du denne påstanden på? Kan du forklare kva du meiner med ...?

Relatert innhald

Skrive av Caroline Nesbø Baker og Marthe Moe.
Sist oppdatert 23.09.2024