Oppgåve
Teikn eit storyboard til ein reklamefilm
I denne oppgåva skal du utarbeide eit storyboard til ein reklamefilm. Reklamefilmen skal vise til ein scene eller karakter i ein tv-serie eller film du har sett og kjenner godt.

Filmreferansar i reklamefilmar
Det finst mange reklamefilmar som har gjort det før: brukt kjende figurar eller scenar frå filmar som til dømes Star Wars (bildet) eller Ringenes Herre.
Flyselskapet Air New Zealand var til dømes tydeleg inspirert av Ringenes Herre-trilogien i sin informasjonsfilm, der sikkerheitsinstruksane går føre seg om bord i eit fly fylt med karakterar og omgivnader som minner om fantasyuniverset frå filmane.
Eit anna døme er ein reklamefilm for Volkswagen der ein liten gut utkledd som Darth Vader forsøker å bruke "krafta" på ulike ting i heimen.
Oppgåve: Teikn eit storyboard til ein reklamefilm
Reklamefilmen skal vare i 30 sekund.
Førebuing
- Reklamen skal vere for ein mobiltelefon, eit brusmerke, eit par joggesko eller eit klesmerke.
- Bruk referansar frå ein film eller tv-serie du kjenner godt.
- Sjå filmen eller ein utvald episode av tv-serien du ønsker å ta utgangspunkt i.
- Noter undervegs.
Teikn storyboard
- Vel ein scene eller ein karakter som du ønsker å ta med inn i reklamefilmkonseptet.
- Ta utgangspunkt i ein mal for storyboard, eller lag eit eige oppsett.
- Bruk tekstfeltet til å kommentere teikninga.
- Hugs å notere kameravinklar og eventuelle kamerarørsler. or å få tips kan du lese artikkelen "Slik lagar du eit storyboard".
Drøft
- Korleis kjem uttrykket du har teke i bruk frå din valde film/tv-serie, fram i reklamefilmen du har planlagt?
- Kva effekt trur du ein slik reklamefilm vil kunne ha i møte med publikum?
- Vil det vere ein fordel om publikum kjenner att filmen eller tv-serien du viser til, eller trur du ikkje dette har noko å seie for kor godt filmen vil fungere?