Oppgåve
Finn filmreferansane i The Simpsons
TV-serien The Simpsons er kjent for å på ein humoristisk måte gjenskape scener frå kjende filmar. I denne øvinga skal du søkje på nett etter klipp som illustrerer dette.

The Simpsons movie
Finn filmreferansar i The Simpsons
Gå til Google, eller direkte til YouTube, Vimeo eller ein annan videonettstad, og søk etter filmreferansar i The Simpsons.
Tips til søkjeord: "The Simpsons and film", "The Simpsons and cinema" eller "The Simpsons movie references".
- Kva filmar finn du at The Simpsons refererer til?
- Korleis er filmscenene endra i animasjonsserien?
- Kva trur du filmskaparane oppnår ved å bruke referansar til filmar på denne måten?
Panserkrysseren Potemkin

Scene frå filmen Panserkrysseren Potemkin av Sergej Eisenstein.
Mange filmar opp gjennom filmhistoria refererer til trappescena frå Panserkrysseren Potemkin –ofte omtala som The Odessa stairs. Du kan sjå scenen på YouTube.
Det er blant anna referert til trappescena i Simpsons-episoden Treehouse of Horror XI.
- Veit du om andre filmar som refererer til Panserkrysseren Potemkin?