Oppgave
Dramaturgien i Skylappjenta
Oppgåve
- Sjå anslaget (dei første sekunda av filmen). Allereie her får vi eit hint om konflikten. Vi høyrer ein samtale mellom mor og dotter. Kva handlar samtalen om?
- I anslaget ser vi ikkje personane som snakkar, men ein animasjon. Kva fortel denne animasjonen om stemninga i heimen?
- I den første scenen er mor i ferd med å sende Skylappjenta av garde til bestemor, som er sjuk. Kva er det mor formaner Skylappjenta om? Og kva får oss til å skjønne at dottera ikkje har lyst til å gjere som mora seier?
- Skylappjenta bryt påbodet frå mora om å «gå rett fram, ikke se til høyre, ikke se til venstre». Kva gjer ho?
I den mest dramatiske scenen i filmen må Skylappjenta ta eit avgjerande val.
- Kva er alternativa ho har?
- Kva vel ho?
- Kva er det ho dermed mister?
- Kven hjelper henne i denne situasjonen?
- Vegen vidare er ikkje lett for jenta. Kva er det neste ho mister?
- Kva er det som hjelper henne når nauda er størst og ho har mist absolutt alt?
- Korleis går det med Skylappjenta til slutt?
Relatert innhald
Kjeldemateriale
SkylappjentaKortfilmen Skylappjenta, ein moderne versjon av «Rødhette og ulven», er ein animasjonsfilm med ekte skodespelarar.