Oppgave
Refleksjonsoppgåve: Historiske filmar
Okkupasjonsdrama er av dei mest populære filmane som blir laga i Noreg, og trekkjer mange folk til kinoane. Men kva kan vi lære av desse spelefilmane?
- I fagstoffet om norske okkupasjonsdrama kan du lese: «Dei ulike bileta av krigen gir oss viktige perspektiv på dei fem åra, og kan også bidra til å forstå vår eiga tid.» På kva måte meiner du at spelefilmar om andre verdskrigen kan gi deg nye perspektiv på okkupasjonen?
- Diskuter denne påstanden i klassen: Norske okkupasjonsdrama er ikkje i stor nok grad basert på historiske kjelder.