Radical
Om filmen
Radical er historia om ein lærar som forandrar liva til elevane sine for alltid. Han er basert på den sanne historia om Sergio Juárez Correa, ein barneskulelærar frå byen Matamoros nord i Mexico. Byen er sterkt prega av vald, korrupsjon og kartellverksemd, noko som òg påverkar skulemiljøet negativt. Skulen har svært lite ressursar og låge forventningar til prestasjonane til elevane. Sergio bestemmer seg for å snu opp ned på undervisninga og prøver med dei kreative undervisningsmetodane sine å vekke engasjementet og nysgjerrigheita for å lære hos elevane. Etter kvart oppdagar han at elevane hans har skjulte talent og eit stort potensial – spesielt nokre av dei.
Filmen har fått internasjonal merksemd og vann publikumsprisen på Sundance Film Festival.
Tematikken i filmen
Filmen Radical tek opp fleire aktuelle tema som utanforskap, utdanning, håp og det at barn har rett til å utvikle potensialet sitt. Den viser kor avgjerande det kan vere for både utdanning og framtidsdraumar å ha nokon som trur på deg, spesielt i eit marginalisert miljø. Filmen viser òg kva for positive resultat ein kan få ved å utvikle og prøve ut nye kreative metodar, som ein ser fleire døme på i denne filmen.
Korleis filmen eignar seg i skulen
Radical har spansk tale og norske undertekstar og eignar seg derfor veldig godt i spanskfaget. Filmen gir oss òg eit innblikk i kulturen i eit område i Mexico som er prega av fattigdom og kriminalitet, og han kan vere ein fin samtalestartar for å diskutere korleis skulesystem fungerer i ulike delar av verda, og reflektere rundt sosiale urettferder og moglegheiter.
Relatert innhald
Utanforskap er å stå utanfor fellesskapet, og kan ha fleire grunnar. Sosiale forskjellar har sterk samanheng med utanforskap.
Marginalisering er ein prosess der einskildindivid eller grupper blir skyvde ut i ytterkantane (marginane) av samfunnet.