Oppgave
Simulering: Protein i hydrofile og hydrofobe omgjevnader
Finn ut kva rolle hydrofobi og hydrofili har ved proteinfalding. Generer eit tilfeldig protein og sjå korleis det faldar seg saman i eit vassmiljø. Bytt miljø og sjå kva som skjer om proteinet er i olje eller i vakuum i staden for vatn.
Det er ulike krefter som avgjer korleis strukturen til eit protein blir. Det spelar mellom anna inn om aminosyrene som proteinet er sett saman av, har polare eller upolare sidekjeder (R-grupper). I denne simuleringa kan du eksperimentere med korleis eit protein vil oppføre seg i eit miljø med vatn, olje eller i vakuum, alt etter kva aminosyrer det er samansett av.