Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Høyr deg sjølv – Arvestoffet

Desse oppgåvene er tenkte til munnleg trening eller repetisjon, slik at du kan teste kva du har lært og forstått om arvestoffet. Oppgåvene krev ikkje mykje arbeid, då svara lett kan bli funne på fagsidene. Du finn også eit forslag til fasit etter oppgåvene.
  1. Kva er eit gen?
  2. Korleis styrer gena kva som skal skje i ei celle?
  3. Kva er det som avgjer eigenskapane til eit protein?
  4. Kor mange ulike protein har du i kroppen din?
  5. Kor mange ulike aminosyrer har du i kroppen din?
  6. Sjølv om alle cellene i ein organisme har dei same gena, så er ikkje cellene like. Forklar kvifor!
  7. Kva heiter nitrogenbasane i DNA-molekylet?
  8. Kva er eit kodon?
  9. Kva er eit nukleotid?
  10. Kor i cella skjer proteinsyntesen?
  11. For at ribosoma skal få tilgang til oppskrifta (den genetiske koden) på eit protein, må informasjonen på DNA-molekylet skrivast av på ein "huskelapp" og sendast ut til ribosoma. Kva heiter denne huskelappen?
  12. Kva heiter dei molekyla som finnast i cytoplasmaet og transporterer aminosyrer til ribosoma, kor proteinsyntesen går føre seg?
  13. Kva er forskjellen på DNA og RNA?
  14. Kva meinast med "Den genetiske koden"?
  15. Kva må skje med polypeptidkjeda for at det skal bli eit aktivt protein?

  16. Lag ei liste over alle elementa (organellar, spesielle molekyl og strukturar) som deltek i prosessen for å få danna eit ferdig protein.

  17. Dersom du har eit protein som er danna av 600 aminosyrer:

    1. Kor mange kodon (triplettar) skal til for å lage det proteinet?
    2. Kor mange nitrogenbasar er det i genet som kodar for det proteinet?

  18. Skildre proteinsyntesen:

    1. Lag ei skisse.

    2. Grei munnleg ut om kva som skjer i proteinsyntesen, anten for deg sjølv eller for nokon andre.

    3. Skriv ned steg for steg kva som skjer i proteinsyntesen.
      Når du er ferdig, kan du repetere proteinsyntesen dersom du har gløymt noko.

Skrive av Kristin Bøhle og Øyvind Bønes. Rettshavar: NKI Forlaget.
Sist oppdatert 18.09.2026