Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

Simulering: Frå DNA til protein

Simuleringa viser trinn for trinn korleis mRNA blir danna og transportert ut til ribosoma, der aminosyrer blir sette saman til protein.

Frå DNA til protein

Utforsk korleis koden som er bakt inn i DNA blir omsett til protein.

  1. Klikk Transkriber for å zoome inn i cellekjerna og sjå korleis kromosomet viklar seg ut, og sjå DNA-strengane. DNA-et delar seg, og ein mRNA-streng blir laga av nukleotidar, med DNA som mal.

  2. Klikk Translasjon for å sjå korleis mRNA dreg frå kjerna til cytoplasmaet og festar seg til eit ribosom. tRNA-molekyl fraktar inn aminosyrer, og aminosyrene blir lenkja saman i rett rekkjefølgje ved hjelp av samhøyrande nukleotidar.

  3. Etter translasjonen (omsetjinga) kan du granske proteinet og sjå korleis sekvensen av aminosyrer har falda seg.

Skrive av The Concord Consortium og Kristin Bøhle.
Sist oppdatert 18.09.2026