Forsøk: Genetisk hjul
Kva er eit genetisk hjul?

Eit genetisk hjul er eit verktøy vi kan bruke for å illustrere genetisk variasjon.
Når du bruker hjulet, startar du i midten og fargelegg éin av dei to eigenskapane du kan velje mellom i kvar sektor – til dømes frie eller faste øyreflippar. Deretter jobbar du deg utover frå felt til felt ut frå kva eigenskapar du har.
I dette forsøket skal du undersøke seks ulike eigenskapar:
Øyreflippar: Du har frie øyreflippar (Ø-) eller øyreflippar festa inntil kjaken (øø).
Rulle tunga: Du kan rulle saman tunga til ei U-form (R-) eller ikkje (rr).
Bøygd veslefinger: Det ytste leddet på veslefingeren din er bøygd innover mot ringfingeren (B-) eller ikkje (bb).
- Haiketommel: Tommelen din er rett (T-) eller det ytste leddet kan bøyast bakover i ein vinkel ned mot 45° (tt).
- Hår på fingrane: Du har hår på det midtre leddet på fingrane (H-) eller ikkje (hh).
Frekner: Du har frekner (F-) eller ikkje (ff).
Døme på eit genetisk hjul

Her ser du det genetiske hjulet til ein person som
har øyreflippane festa inntil kjaken (øø)
kan rulle tunga (R-)
har rett veslefinger (bb)
har haiketommel (tt)
manglar hår på det midtre leddet på fingrane (hh)
har frekner (F-)
Når personen markerer rett felt frå midten og utover, endar hen opp på talet 15.
Merk: Talet du endar opp med, vil endre seg om du byter rekkefølge på eigenskapane, eller om du set inn andre eigenskapar.
Framgangsmåte
Skriv ut det genetiske hjulet nedanfor på papir. Jobb gjerne saman i par.
Start i sentrum av hjulet og ta for deg éin og éin eigenskap utover i hjulet. Fargelegg eller kryss av for den varianten du har.
Til slutt kjem du fram til eit tal ytst på hjulet. Kva tal fekk du?
- Samanlikn tala i klassen. Er det nokon som har fått det same talet?
Reflekter saman
- Om nokon i klassen har fått same tal: Er desse personane meir like kvarandre enn andre i klassen?
- Ville de fått same tal viss eigenskapane inst og ytst i sirkelen hadde bytt plass?
- Kva skjer dersom de legg til éin eigenskap til? De kan til dømes sjekke om de legg høgre eller venstre tommel øvst når de foldar hendene. Korleis vil det påverke resultatet?
- Dette hjulet registrerer berre 6 av dei omtrent 22 000 gena våre. Fortel like tal eigentleg noko om kor genetisk like de er, eller om de er i slekt?
Det genestiske hjulet
Relatert innhald
Alle cellene i kroppen vår har dei same gena, men det er berre nokon, og ikkje dei same, gena som er aktive i kvar celle.