Kva skjer når havet blir surare? Lag ein modell. - Kva er problemet med havforsuring? - Naturfag (SF) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Kva skjer når havet blir surare? Lag ein modell.

Oppgåve

Kva er problemet med havforsuring?

Mange forskarar jobbar med å kartleggje kva som skjer med havet når CO₂-konsentrasjonen aukar. Bli med på eit forskingstokt der havforskarar ser nærare på havforsuring og korallrev langs norskekysten.

Sjå film om forskarar som jobbar med havforsuring:

Norske kaldtvannskorallrev. Video: Warholm Film, SALT / CC BY-NC-ND 4.0

Oppgåver til filmen

  1. Kvifor er ein overraska over at det finst korallrev langs norskekysten, trur du?
  2. Forskaren i filmen snakkar om å gjere gjettingar. Kva slags gjettingar trur du det er snakk om?
  3. Kva kallar vi gjerne slike gjettingar når vi jobbar med den vitskaplege arbeidsmåten?
  4. Korleis finn ein ut om ein gjettar riktig eller ikkje?
  5. Gi døme på noko forskarane ikkje veit om korallar.
  6. Kvifor er korallrev viktige økologisk sett?
  7. Kva konsekvensar trur forskarane at havforsuring kan ha?
  8. Kva konsekvensar kan havforsuring ha for oss menneske?

Relatert innhald

Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 25.11.2019