Korleis blir havet påverka av CO₂ i lufta?
Oppgåve 1
Skriv ei kort oppsummering av det du fann ut i forsøket med CO₂ og vatn:
- Kan CO₂ overførast frå luft til vatn?
- CO₂ blir frigjord til atmosfæren når vi brenner fossilt brensel. Med bakgrunn i det du har gjort: Korleis trur du CO₂ i atmosfæren kan påverke hava våre?
Oppgåve 2
Legg til variablar og samanhengar ut frå det du no har lært om:
- CO₂-kjelder i miljøet
- korleis CO₂ kan overførast frå luft til vatn
- CO₂-lager («noko» som tek opp CO₂ og lagrar det)
Gjer forbetringar i modellen (concord.org).
Oppgåve 3. Analyser data frå ALOHA-stasjonen
Analyser dataa frå ALOHA-stasjonen. Dataa ligg i eit rekneark som du finn under «Tabellar».
Ved ALOHA-stasjonen har dei samla målingar av
- CO₂-konsentrasjonen i vatn
- surleiksgrada i vatnet
- CO₂-konsentrasjon i luft
Prøv dykk fram, og lag grafar som viser samanhengen mellom ulike kombinasjonar av desse tre variablane.
Analyser data frå ALOHA-stasjonen i SageModeler (concord.org).
Oppgåve 4
Test modellen din, og køyr simuleringar. Når du køyrer ei simulering, blir det generert data som passar til dei vilkåra du har sett i modellen din.
Oppgåve 5
Lag grafar av dataa du får, og samanlikn dei med grafar basert på dataa frå ALOHA-stasjonen.
Oppgåve 6
- Vel eitt døme, og beskriv mønsteret du observerer mellom to ulike variablar.
- Bruk grafane der du har sett på samanhengane mellom to av desse variablane: CO₂ i atmosfæren, CO₂ i havet og surleiksgrad i havvatn.
- Er det mogleg å avgjere kva variabel som er «årsak» og kva variabel som utgjer «effekt»? Forklar svaret ditt.
- Bruk grafen frå modellen din, og samanlikn med tilsvarande graf laga på grunnlag av ALOHA-datamaterialet.
- Trur du modellen din beskriv samanhengen mellom CO₂ i lufta, CO₂ i havet og surleiksgrad i vatnet på ein nøyaktig måte?
- Forklar kvifor/kvifor ikkje.
- Vurder kva endringar du kan gjere i modellen din slik at den samsvarer betre med måledataa frå ALOHA.
- variablar
- samanhengar
- ikkje noko
- anna
Kan du, på grunnlag av grafane du har laga, gi ein konklusjon om samanhengen mellom CO₂-konsentrasjon i atmosfæren, CO₂-konsentrasjon i havet og surleiksgrada i vatnet?
Forklar korleis du kjem fram til konklusjonen din.
Er det framleis noko som er usikkert i modellen din?