Oppgåve
Kva konsekvensar har havforsuring for organismane i havet?
Undersøk korleis ulike arter kan bli påverka av havforsuring, og bruk det du finn ut, til å gjere forbetringar i modellen din.
Oppgåve 1
Undersøk korleis nokre arter som lever i havet, blir påverka av havforsuring.
Lag ei kort oversikt som til dømes inneheld namn på aktuelle arter, utbreiing, tilstand og kor viktige dei er (økologisk og økonomisk).
Oppgåve 2
Opne den siste versjonen av modellen din i SageModeler.
Legg til variablar for det du har funne ut om havforsuring og organismane som kan bli påverka av det.
Gjer forbetringar i modellen din i SageModeler. (concord.org)
Oppgåve 3
Kva endringar gjorde du i modellen din?
- variablar
- samanhengar mellom variablar
- andre ting
- ingen endringar
Forklar kvifor du gjorde desse endringane.
Oppgåve 4
Kva er du framleis usikker på i modellen din?