Oppsummeringsoppgåver om næringsstoff
Oppgåve 1. Sorter næringsstoffa
Oppgåve 2. Kan du karbohydrata?
Oppgåve 3. Har du kontroll på proteina?
Sjå på biletet, og lag ei forklaring til det. Forklaringa må innehalde følgande:
- byggesteinane til proteina
- dei ulike proteinstrukturane
- kva som bestemmer eigenskapane og funksjonen til proteina
- minst to døme på ulike protein
Oppgåve 4. Fullfør teksten om feitt
Oppgåve 5. Påvisingsreaksjonar
Kva næringsstoff innheld matvarene mykje av, og kva kan du bruke for å påvise dei?
Oppgåve 6. Fleirvalsoppgåver om vitamin og mineral
Oppgåve 7. Har du kontroll på vatn som næringsstoff?
Oppgåve 8. Øvingsoppgåver
Kva er hovudoppgåvene til dei ulike næringsstoffa?
Forklar korleis eit glukosemolekyl og eit fruktosemolekyl kan gå saman og danne sukrose.
Studer biletet av polysakkarida. Forklar kva som er forskjellane mellom dei.
Kvifor bør vi ete mat som inneheld cellulose, når kroppen ikkje kan bryte det ned?
Teikn eit feittmolekyl. Kva er det som avgjer om feittmolekylet er metta eller umetta?
- Kva betyr det at nokre aminosyrer og feittsyrer er essensielle?
- Kva skjer med næringsstoff som vi et, og som kroppen ikkje har behov for?
Kva for eit grunnstoff finst i protein, men ikkje i karbohydrat eller feitt?
Teikn to aminosyrer som reagerer og dannar ei peptidbinding.
Kva bestemmer kva eigenskapar proteina får?
- Lag ei oversikt over dei ulike vitamina. Fyll ut funksjonen deira i kroppen og kva som er gode kjelder til dei ulike vitamina.
- Kva er forskjellen på vassløyselege og feittløyselege vitamin?
- Kva er forskjellen på vitamin og mineral?
- Kvifor blir vatn rekna som eit næringsstoff?
Kva er fordøying?
Oppgåve 9. Kva kan du om fordøyinga?
Oppgåve 10. Frå produksjon til bruk av energi
Oppgave 11. Alle næringsstoffa
- Set opp ein dagsmeny frå og med frukost til og med kveldsmat som inneheld alle næringsstoffa kroppen treng.
- Set opp ein dagsmeny frå og med frukost til og med kveldsmat som inneheld alle vitamina og minerala kroppen treng.
- Set opp ein dagsmeny som viser kva du pleier å ete.
Samanlikn dei tre dagsmenyane, og finn ut om det vanlege kosthaldet ditt dekkjer behovet du har for næringsstoff, vitamin, mineral og sporstoff.
| Måltid | Dagsmeny som inneheld alle naudsynte næringsstoff | Dagsmeny som inneheld alle naudsynte mineral og vitamin | Typisk dagsmeny for deg |
|---|---|---|---|
Frukost | |||
Lunsj | |||
Middag | |||
Kveldsmat | |||
Anna (mellommåltid/snacks) |