Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

Fordøyingssystemet

Fordøyinga hjelper oss med å bryte ned maten vi et, slik at vi kan nyttiggjere oss næringsstoffa. Bruk den interaktive illustrasjonen til å bli kjend med fordøyingssystemet. Kva skjer i dei ulike organa?

Interaktivt fordøyingssystem

Vi byggjer fordøyingssystemet steg for steg. Klikk på delane som skal plasserast. Gjer du feil, blir du send tilbake til start. Lykke til!

Oppgåver

  1. Bruk fasiten over til å lage ei teikning av fordøyingssystemet. Merk av og set namn på dei ulike organa.
  2. Forklar trinn for trinn kva som skjer i fordøyinga:
  • Korleis skjer nedbrytinga?
  • Kva enzym er involverte i nedbrytinga?
  • Kva blir protein, feitt og karbohydrat brotne ned til?
  • Kvar skjer hovudopptaket av næringsstoff?
  • Korleis bruker kroppen næringsstoffa?

Relatert innhald

Fordøyinga

Det vi et og drikk, må brytast ned til mindre bitar før kroppen kan bruke næringsstoffa. Nedbrytinga skjer i fordøyingssystemet.

Skrive av Camilla Øvstebø. Rettshavar: Amendor.
Sist oppdatert 06.08.2026