Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

Oppsummeringsoppgåver om næringsstoff

Desse oppgåvene tek deg gjennom hovudpunkta i emnet om næringsstoff som får kroppen til å fungere. Oppgåvene eignar seg godt til repetisjon og gir deg ein fin sjanse til å teste kva du har lært, og finne ut kva du kanskje bør øve litt meir på.

Oppgåve 1. Sorter næringsstoffa

Alternativ til oppgåve 1

Lag eit tankekart med næringsstoff som sentralt omgrep, og prøv å kople på så mange som mogleg av desse omgrepa:

  • polysakkarid

  • karbohydrat

  • gir energi

  • mineral

  • monosakkarid

  • mettet feitt

  • umettet feitt

  • gir ikkje energi

  • disakkarid

  • vitamin

  • vatn

Oppgåve 2. Kan du karbohydrata?

Oppgåve 3. Har du kontroll på proteina?

Sjå på biletet, og lag ei forklaring til det. Forklaringa må innehalde følgande:

  • byggesteinane til proteina
  • dei ulike proteinstrukturane
  • kva som bestemmer eigenskapane og funksjonen til proteina
  • minst to døme på ulike protein

Oppgåve 4. Fullfør teksten om feitt

Oppgåve 5. Påvisingsreaksjonar

Kva næringsstoff innheld matvarene mykje av, og kva kan du bruke for å påvise dei?

Oppgåve 6. Fleirvalsoppgåver om vitamin og mineral

Oppgåve 7. Har du kontroll på vatn som næringsstoff?

Oppgåve 8. Øvingsoppgåver

  1. Kva er hovudoppgåvene til dei ulike næringsstoffa?

  2. Forklar korleis eit glukosemolekyl og eit fruktosemolekyl kan gå saman og danne sukrose.

  3. Studer biletet av polysakkarida. Forklar kva som er forskjellane mellom dei.

  4. Kvifor bør vi ete mat som inneheld cellulose, når kroppen ikkje kan bryte det ned?

  5. Teikn eit feittmolekyl. Kva er det som avgjer om feittmolekylet er metta eller umetta?

  6. Kva betyr det at nokre aminosyrer og feittsyrer er essensielle?
  7. Kva skjer med næringsstoff som vi et, og som kroppen ikkje har behov for?
  8. Kva for eit grunnstoff finst i protein, men ikkje i karbohydrat eller feitt?

  9. Teikn to aminosyrer som reagerer og dannar ei peptidbinding.

  10. Kva bestemmer kva eigenskapar proteina får?

  11. Lag ei oversikt over dei ulike vitamina. Fyll ut funksjonen deira i kroppen og kva som er gode kjelder til dei ulike vitamina.
  12. Kva er forskjellen på vassløyselege og feittløyselege vitamin?
  13. Kva er forskjellen på vitamin og mineral?
  14. Kvifor blir vatn rekna som eit næringsstoff?
  15. Kva er fordøying?

Oppgåve 9. Kva kan du om fordøyinga?

Alternativ til oppgåve 9

Tenk deg at du et ei brødskive. Lag ei oversikt som viser dei ulike organa som er involverte når du fordøyer brødskiva i den rekkefølga dei deltek.

Er det nokon organ det er vanskeleg å plassere inn i den riktige rekkefølga? Forklar.

Oppgåve 10. Frå produksjon til bruk av energi

Oppgave 11. Alle næringsstoffa

  1. Set opp ein dagsmeny frå og med frukost til og med kveldsmat som inneheld alle næringsstoffa kroppen treng.
  2. Set opp ein dagsmeny frå og med frukost til og med kveldsmat som inneheld alle vitamina og minerala kroppen treng.
  3. Set opp ein dagsmeny som viser kva du pleier å ete.
  4. Samanlikn dei tre dagsmenyane, og finn ut om det vanlege kosthaldet ditt dekkjer behovet du har for næringsstoff, vitamin, mineral og sporstoff.


Menyforslag
Måltid

Dagsmeny som inneheld alle naudsynte næringsstoff

Dagsmeny som inneheld alle naudsynte mineral og vitamin

Typisk dagsmeny for deg

Frukost

Lunsj

Middag

Kveldsmat

Anna (mellommåltid/snacks)

Skrive av Camilla Øvstebø og Øivind Bønes.
Sist oppdatert 06.08.2026