Vitamin

Vitamin – viktige hjelpestoff i små mengder
Dei ulike vitamina har ulik kjemisk oppbygning og heilt ulike oppgåver i kroppen. Vitamin regulerer stoffskiftet i kroppen og er nødvendige for omsetninga av karbohydrat, feitt og protein. Nokre vitamin er også viktige for opptak og regulering av mineralstoff.
Det er 13 vitamin som er nødvendige for oss menneske. Vi deler vitamina inn to grupper: feittløyselege og vassløyselege.
Feittløyselege vitamin
Vitamin A, D, E og K er feittløyselege og kan lagrast i kroppen. Det er derfor ikkje nødvendig å dekke behovet til kroppen kvar dag, berre lagera ikkje går tomme. Derimot er det mogleg å få i seg for mykje av dei feittløyselege vitamina, spesielt vitamin A og D.
Vassløyselege vitamin
B-vitamina og vitamin C er vassløyselege. Kroppen kan berre lagre avgrensa mengder av dei fleste av desse vitamina, og dei bør derfor tilførast jamleg gjennom kosten. Vitamin B12 er eit viktig unntak, med lager som kan vare i fleire år.
For lite vitamin gir sjukdommar
For lite vitamin i kosten kan gi mangelsjukdommar. Dette var vanleg før i tida, men no til dags er det sjeldan. I fattige land er derimot vitamin-mangelsjukdommar svært utbreidde. Nokre vitamin er stoff som må vere til stades for at viktige enzym skal verke, såkalla koenzym. Mange B-vitamin er koenzym.
Antioksidantar
Fleire av vitamina verkar som antioksidantar i cellene, til dømes vitamina C, E og A. Antioksidantar kontrollerer mengda av frie radikalar i kroppen. Frie radikalar er stoff som kroppen produserer under celleandinga. Dei er svært reaktive og kan skade cellemembranar, protein og DNA.

Film om vitamin
Denne filmen (lengde 4:21) forklarer kva vitamin er, kva funksjon dei har i kroppen, kva konsekvensar mangel kan gi, og kva matvarer som er gode kjelder til dei ulike vitamina.
Oppgåve
Kva er viktige funksjonar til dei ulike vitamina? Flytt funksjonane til rett vitamin.