Sikkerheit og risikovurdering

Sikkerheitsreglar
Alle naturfagrom skal ha eigne sikkerheitsreglar. Desse gir nødvendig informasjon om arbeidsrutinar, sikkerheitstiltak og korleis du skal handle ved uhell. Set deg inn i sikkerheitsreglane før du begynner å jobbe. I eit naturfagrom med mange brukarar er det spesielt viktig at alle tek ansvar og følger reglane som gjeld.
Eit forslag til reglar for naturfagrommet finn du her:
I naturfag skal du lære å risikovurdere eigne forsøk. Då tek du utgangspunkt i det forsøket du skal gjere, og svarer på desse spørsmåla:
Kva er moglege farar?
Kva er risikoen for at farane skjer?
Kva kan vi gjere for å minimer risikoen?
Kva gjer vi viss det skjer uhell?
Kva er moglege farar?
Start med å tenke gjennom kva de skal gjere, og list opp det som kan vere farleg. Det varierer sjølvsagt frå forsøk til forsøk, men nokre situasjonar vi ofte kjem borti i naturfag, er når vi
bruker open flamme
varmar opp væsker
handterer glasutstyr
bruker konsentrerte syrer og basar
Kva er risikoen for at faren skjer?
Deretter tek de for dykk dei aktuelle farane: Vurderer kor sannsynleg det er at dei hender, og kor alvorlege dei er.
fare | risiko |
|---|---|
| jobbe med open flamme | Kan gi brannskade. Hår, klede og gjenstandar kan ta fyr. |
| jobbe med konsentrert syre | Kan gi etseskadar på hud og auge. |
Når vi skal risikovurdere kjemikal på denne måten, kan vi finne informasjon om moglege farar på emballasjen og sikkerheitsdatabladet til kjemikalet.

Faresymbol
Du har sikkert lagt merke til faresymbol på kjemikal heime eller på skulen. Desse symbola gir informasjon om skadar som kan oppstå når vi bruker kjemikala.
Sikkerheitsdatablad
Alle kjemikal har eit eige sikkerheitsdatablad. Det er eit "informasjonsark" som fortel deg det viktigaste du treng å vite for å jobbe trygt.
I sikkerheitsdatabladet finn du mellom anna
- faresetningar (H-setningar)
- kva farar stoffet kan ha
- sikkerheitssetningar (P-setningar)
- korleis du skal verne deg sjølv og andre
- førstehjelp
- kva du skal gjere viss eit uhell skjer
- avfall
- korleis du skal rydde opp og kaste restar på rett måte
Sikkerheitsdatablada du treng, skal vere tilgjengelege på naturfagrommet, men du kan òg søke dei opp på nett.
Korleis fjerne faren eller redusere risikoen?
Etter å ha kartlagt farane og vurdert risikoane som er knytte til dei, gjer vi tiltak for å fjerne faren eller redusere risikoen.
Fjerne fare
Nokre farar kan fjernast heilt ved at vi forandrar framgangsmåte eller byter ut stoff og utstyr. I staden for å bruke open flamme frå ein gassbrennar kan vi bruke ei elektrisk kokeplate. Då fjernar vi faren ved å bruke open flamme.
Redusere risiko
Når vi ikkje kan fjerne faren heilt, prøver vi å redusere risikoen for uhell ved å bruke verneutstyr eller andre tiltak. Viss vi i dømet over må bruke gassbrennar, kan vi redusere risikoen ved å setje opp langt hår og bruke labfrakk.
Verneutstyr
Vernebriller eller ansiktsskjerm vernar mot sprut frå kjemikal, kokande væsker og etsande stoff. Hugs at kontaktlinser kan forverre augeskadar ved kjemikalsprut.
Laboratoriefrakk i bomull vernar kleda mot søl og varme.
Hanskar vernar mot kjemikal. Bruk spesialhanskar ved arbeid med etsande stoff, varme, kulde eller skarpe gjenstandar. Ved etsande væsker bør du bruke syrefaste hanskar og arbeide i avtrekksskap.
Alternative stoff
Vel kjemikal som er mindre farlege der det er mogleg.
Bruk løysningar med lågare konsentrasjonar for å redusere risikoen.
Avtrekksskap
Bruk avtrekksskap når du jobbar med stoff som gir helsefarlege gassar eller støv.
Nokre vanlege situasjonar
Handtering av glasutstyr

Handtering av glasutstyr, og spesielt glasrøyr, utgjer ein risiko for kuttskadar. Viss du skal setje eit glasrøyr inn i ein kork, bør du vere spesielt merksam:
Hald rundt glasrøyret med papir eller ein klut for å verne deg mot kutt.
Lirk og vri forsiktig røyret på plass, og bruk vatn eller vaselin for å få det til å gli lettare.
Bruk av gassbrennar
Den største faren når du bruker gassbrennar, er den opne flammen. Sørg for at brennaren står stødig, rydd bort utstyr du ikkje treng, og pass på klede, langt hår og elektronikk, slik at ingenting kjem for nær flammen og blir skadd.
Oppvarming av løysningar i reagensrøyr
Når du varmar opp ei løysning i reagensrøyr, kan det danne seg gassbobler som plutseleg utvidar seg og pressar væska ut (støytkoking). Dette kan gi farlege situasjonar. For å unngå dette bør du
halde reagensrøyret skrått, med opninga vend bort frå deg og andre
varme opp varsamt ved å bevege røyret inn og ut av flammen
legge små steinar (kokesteinar) i botnen av reagensrøyret
Diskuter!
Korleis kan vatn vere eit faremoment i ulike situasjonar?
Tiltak ved uhell
Sjølv om vi har kartlagt moglege farar godt, kan vi aldri vere sikre på at uhell ikkje skjer. Viss det skjer eit uhell, er det viktig å vite kva ein skal gjere. Sjekk at nødvendig førstehjelps- og sikkerheitsutstyr er tilgjengeleg.
Førstehjelps- og sikkerheitsutstyr
Sjekk alltid at nødvendig utstyr er tilgjengeleg:
førstehjelpsutstyr (plaster, bandasjer osb.)
moglegheit for augeskyljing
nøddusj
brannteppe
brannsløkkingsapparat
Alle på laben skal vite kvar dette utstyret er, og korleis det blir brukt. Sikkerheitsdatabladet for kjemikala de bruker, gir ei oversikt over aktuelle førstehjelpstiltak.
Avfallshandtering
På naturfagrommet er det rutinar for avfallshandtering. Det kan til dømes vere at
brannfarleg avfall og knust glas skal kastast i eigne behaldarar
de samlar opp kjemikal de ikkje kan tømme ut i vasken
Bruk sikkerheitsdatablada for å finne ut kva de skal gjere med kjemikal de har brukt.
Oppgåver
Memory
Veit du kva faresymbola betyr? Spel memory og lag par av symbol og beskriving.
Øv på førstehjelp med ein praterobot
Spel eit rollespel med ein praterobot og øv deg på ulike situasjonar som kan oppstå på laben. Klarer du å halde hovudet kaldt når blodet spruter, eller når syra etsar seg gjennom genseren?
Last ned fila under og last ho opp igjen i Lag praterobot på NDLA.
- Uhell på naturfagrommet(JSON)
Relatert innhald
Nettside hos miljodirektoratet.no













