Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Næringsstoff

Fagstoff
Interaktivt innhald

Protein

Protein er byggesteinane til kroppen. Dei bygger opp musklar, hud og hår, og dei er viktige for mange av funksjonar i kroppen. Protein verkar som enzym, hormon og antistoff. Nokre lagar kroppen sjølv, andre må vi få i oss gjennom maten.

Film om protein (4:05)

Denne filmen gir deg ei oversikt over kva protein er, og kvifor dei er viktige i kroppen din.

Protein har mange funksjonar

Protein finst i alle plantar og dyr og har mange ulike funksjonar. Protein inngår i oppbygging av vev og strukturar. I kroppen vår finst det protein i alle celler, og det blir brukt til å bygge opp hud, hår, negler og musklar. Andre protein bidreg til transport, lagring, hormon og enzym.

Ulike typar protein

Type protein

Døme på protein

Funksjon

Fordøyingsenzym

amylase, lipase, pepsin, trypsin

hjelpe til med nedbryting av næringsstoff

Transport

hemoglobin, albumin

frakte stoff via blod og lymfe

Struktur

aktin, tubulin, keratin

danne strukturar i cellene

Hormon

insulin, tyroksin

overføre signal

Forsvar

immunoglobulinar

forsvare kroppen mot farlege stoff

Samantrekning

aktin, myosin

utføre muskelsamantrekking

Lagring

lagringsprotein hos belgvekstar, albumin i eggekvite

gi næring i tidleg fosterstadium og til frøplantar

Protein er kjeder av aminosyrer

Protein er store molekyl bygde opp av lange kjeder av aminosyrer. Aminosyrer er stoff som både er basar og syrer. Aminogruppa (-NH2) har basiske eigenskapar, mens syregruppa (-COOH) har sure eigenskapar.

Begge gruppene er bundne til det same karbonatomet. Til dette karbonatomet er det òg bunde eit hydrogenatom og ei gruppe som vi kan kalle R (restgruppe). Det er denne sidekjeda som skil ulike aminosyrer frå kvarandre. Det finst 20 aminosyrer som vi reknar som vanlege.

Kjedene med aminosyrer blir danna når fleire aminosyrer reagerer med kvarandre og dannar peptid. Protein er lange peptidkjeder.

Essensielle aminosyrer kan du ikkje lage sjølv

Tolv av dei tjue aminosyrene kan kroppen lage sjølv, men åtte av dei må vi få gjennom maten. Desse åtte aminosyrene blir kalla essensielle eller livsviktige. Spedbarn må i tillegg få cystein tilført utanfrå. Heldigvis er morsmjølk ei god kjelde for denne aminosyra.

Eit variert kosthald vil gi deg nok essensielle aminosyrer, men dei som unngår kjøtt, fisk, egg og/eller mjølkeprodukt, må tenke over kva dei et, for å sikre seg at dei får nok essensielle aminosyrer.

Aminosyrer som kroppen ikkje har behov for, blir forbrunne eller omdanna til feitt. Urea (urinstoff) er det avfallsproduktet som blir danna når protein blir brotne ned. Det inneheld nitrogenet frå aminosyrene og blir skild ut med urinen.

Denaturering – protein blir øydelagde

Fasongen til proteinet blir bestemd av mellom anna mellom aminosyrene. Bindingane blir påverka av temperatur, pH og kjemikal, og gjer at proteinet forandrar form. Dermed vil ikkje proteinet fungere som det skal. Vi seier at proteinet blir denaturert. Når vi steiker egg, blir proteinet i eggekviten denaturert. Dette kan vi sjå ved at eggekviten blir kvit.

Proteinstruktur på 1–2–3–4!

Protein er bygd opp av lange kjeder av aminosyrer. Før dei får si endelege form, blir desse kjedene kalla polypeptidkjeder.

For at kjeda skal bli eit fungerande protein, må ho kveile og brette seg på bestemde måtar. Korleis det skjer, blir bestemt av rekkefølga på aminosyrene, som igjen blir bestemd av DNA-et vårt. Viss éi aminosyre er feil, kan heile proteinet få feil form og slutte å verke.

Vi deler strukturen til proteinet inn i fire nivå:

  • primærstruktur – rekkefølga på aminosyrene i kjeda

  • sekundærstruktur – korleis kjeda kveilar seg (til dømes som spiralar eller flak)

  • tertiærstruktur – korleis ulike delar av kjeda faldar seg vidare og blir haldne saman

  • kvartærstruktur – korleis fleire kjeder blir sette saman til eit protein

Oppgåver

Vel rett alternativ.

Kjelder

Amaya-Guerra, C., Saldívar, S. O. S., & Alanis-Guzman, M. G. (2006). Soyabean fortification and enrichment of regular and quality protein maize tortillas affects brain development and maze performance of rats. British Journal of Nutrition, 96(1), 161–168. https://doi.org/10.1079/BJN20061804

Lie, S. O. (2025, 25. mars). Asbjørn Følling. I Store norske leksikon. https://snl.no/Asbj%C3%B8rn_F%C3%B8lling

Maffia, L. M., Scrimshaw, N. S., & Young, V. R. (1976). Protein quality of two varieties of high-lysine maize fed alone and with black beans or milk to normal and depleted weanling rats. The American Journal of Clinical Nutrition, 29(8), 817–824. https://doi.org/10.1093/ajcn/29.8.817

Openstax. (2020, 18. januar). Proteins. Henta 8. mai 2020 frå https://openstax.org/books/biology-2e/pages/3-4-proteins

Skrive av Øyvind Bønes, Thomas Bedin og Bjørg E. B. Aurebekk. Rettshavar: NKI Forlaget.
Sist oppdatert 21.05.2025