Oppgåve
Interaktivt innhald
Oppsummeringsoppgåver om næringsstoff
Desse oppgåvene tek deg gjennom hovudpunkta i emnet om næringsstoff som får kroppen til å fungere. Oppgåvene eignar seg godt til repetisjon og gir deg ein fin sjanse til å teste kva du har lært, og finne ut kva du kanskje bør øve litt meir på.
Oppgåve 1. Sorter næringsstoffa
Oppgåve 2. Kan du karbohydrata?
Oppgåve 3. Har du kontroll på proteina?
Sjå på biletet, og lag ei forklaring til det. Forklaringa må innehalde følgande:
- byggesteinane til proteina
- dei ulike proteinstrukturane
- kva som bestemmer eigenskapane og funksjonen til proteina
- minst to døme på ulike protein
Oppgåve 4. Fullfør teksten om feitt
Oppgåve 5. Påvisingsreaksjonar
Kva næringsstoff innheld matvarene mykje av, og kva kan du bruke for å påvise dei?
Oppgåve 6. Fleirvalsoppgåver om vitamin og mineral
Oppgåve 7. Har du kontroll på vatn som næringsstoff?
Oppgåve 8. Øvingsoppgåver
- Kva er hovudoppgåvene til dei ulike næringsstoffa?
- Kvifor bør vi ete mat som inneheld cellulose, når kroppen ikkje kan bryte det ned?
- Kva betyr det at nokre aminosyrer og feittsyrer er essensielle?
- Kva skjer med næringsstoff som vi et, og som kroppen ikkje har behov for?
- Kva bestemmer kva eigenskapar proteina får?
- Lag ei oversikt over dei ulike vitamina. Fyll ut funksjonen deira i kroppen og kva som er gode kjelder til dei ulike vitamina.
- Kva er forskjellen på vassløyselege og feittløyselege vitamin?
- Kva er forskjellen på vitamin og mineral?
- Kvifor blir vatn rekna som eit næringsstoff?
- Kva er fordøying?