Forsøk: Fysiske målingar og variasjonsbredde
Innleiing
Alle målingar er usikre. Det kan vere feil på måleapparatet, eller ein kan lese feil av. Slike feil kallar vi systematiske feil. I tillegg kjem den såkalla statistiske usikkerheiten. Usikkerheit kjem av at vi ikkje greier å gjere målingane våre heilt nøyaktig likt frå gong til gong.
I dette forsøket skal du ta tida på ei kule som å triller ein gitt avstand, framstille resultatet grafisk og oppgi måleusikkerheit.
Usikkerheit
Når vi har mange målingar, kan vi angi usikkerheiten på denne måten:
Gjennomsnittsverdien ± halve variasjonsbreidda
Gjennomsnittsverdien fortel oss kva som er sentrum i talmaterialet frå målingane.
Variasjonsbreidda er skilnaden mellom det største og det minste talet, og fortel om korleis tala er spreidde.
Halve variasjonsbreidda, i prosent av gjennomsnittstalet, kallar vi ofte den relative usikkerheiten.
Hensikt
Hensikten med forsøket er å få erfaring med måleusikkerheit og korleis du kan presentere den.
Utstyr
gardinskjene
stålkule
stoppeklokke
Geogebra
Framgangsmåte
- Legg den eine enden av skjena på eit par bøker slik at kula trillar ned av seg sjølv på eit par sekund.
- Merk av start- og stoppunktet.
- Bruk stoppeklokke og ta tida for 50 trilleturar..
Resultater og observasjonar
- Før tidene inn i ein tabell.
Rekn ut
gjennomsnittsverdien
variasjonsbreidda
- Bruk gjennomsnittsverdien og variasjonsbreidda til å oppgi kor lang tid kula brukte.
- Rekn ut den relative usikkerheiten.
Framstill resultata i eit stolpediagram. Del talområdet (variasjonsbreidda) inn i 5
10 intervall, og finn talet på målingar i kvart intervall. Alle intervalla må vere like store.
Drøfting av resultat og konklusjonar
- Kor mange prosent var den relative usikkerheiten?
Hadde du klart å måle tida nøye? - Korleis fordelte resultata seg i stolpediagrammet?
Relatert innhald
Når du skal måle noko, kan du bli usikker på om måleinstrument og metodar er gode nok, men det er mykje du kan gjere for å redusere måleusikkerheita.