Fordøyingssystemet - Naturfag (FD) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Fordøyingssystemet

Fordøyinga hjelper oss med å bryte ned maten vi et, slik at vi kan nyttiggjere oss næringsstoffa. Bruk den interaktive illustrasjonen til å bli kjend med fordøyingssystemet. Kva skjer i dei ulike organa?
  1. Bruk fasiten over til å lage ei teikning av fordøyingssystemet. Merk av og set namn på dei ulike organa.
  2. Forklar trinn for trinn kva som skjer i fordøyinga:
  • Korleis skjer nedbrytinga?
  • Kva enzym er involverte i nedbrytinga?
  • Kva blir protein, feitt og karbohydrat brotne ned til?
  • Kvar skjer hovudopptaket av næringsstoff?
  • Korleis bruker kroppen næringsstoffa?

Relatert innhald

Fagstoff
Fordøyinga

Det vi et og drikk, må brytast ned til mindre bitar før kroppen kan bruke næringsstoffa. Nedbrytinga skjer i fordøyingssystemet.

Skrive av Camilla Øvstebø. Rettshavar: Amendor
Sist fagleg oppdatert 29.10.2020