Feitt
Kva er feitt?
Feitt høyrer til ei gruppe stoff som blir kalla lipid. Det meste av feittet i kroppen vår finst som triglyserid – stoffar der alkoholen glyserol og tre feittsyrer er bundne saman. Ofte er dei tre feittsyrene ulike, noko som påverkar eigenskapane til feittet.
Andre typar lipid er steroid, fosfolipid og voks. Desse har ein litt annan oppbygning enn triglyserida, men dei har mange av same eigenskapane.
Feitt består hovudsakleg av lange karbonkjeder, og det er derfor lite lausleg i vatn, som er polart. Dei lange karbonkjedene gjer at feitt er veldig upolart. Polare stoff har ein elektrisk ladningsforskjell i molekylet, noko som gjer at dei kan danne bindingar med andre polare stoff – som vatn. Upolare stoff har ikkje slike ladningsforskjellar, og vi kan lettare blande dei saman med andre upolare stoff.
Slike ulikskapar i polaritet gjer at feitt og vatn ikkje blandar seg godt saman. Du har kanskje høyrt hugseregelen "likt løyser likt"? Han fortel at stoff som har lik polaritet, kan løysast i kvarandre.
Tenk gjennom!
Du har fått feitt på hendene og prøver å skylje det vekk med vatn frå springen. Kva oppdagar du, trur du? Kva kan du gjere for å få vekk feittet? Forklar.
Kva treng vi feitt til?
Feitt gir mykje energi, og det er derfor ei god kjelde til energi for oss. Det er spesielt når kroppen har brukt opp lagera med karbohydrat, at han går over til å bruke feitt som energikjelde. Feitt og andre energikjelder som kroppen ikkje forbrenn, blir lagra i feittvev.
Feitt er òg ein viktig del av cellemembranane i cellene våre. Fosfolipid, som er ein type feittstoff, dannar eit vernande lag og styrer kva som slepp inn i og ut av cella.
Feitt har òg ein vernande funksjon for indre organ. Lagringsfeitt, som består av triglyserid, omgir mellom anna nyre, lever og hjarte, og det fungerer som støytdempar. Kolesterol, ein annan type lipid, er nødvendig for produksjonen av kjønnshormon som testosteron og østrogen.
Til slutt hjelper feitt oss med å halde på varmen, fordi det ligg som eit isolerande feittlag under huda og reduserer varmetap til omgivnadene.
Visste du at ...
Sjølv om feitt gir mykje energi, kan verken hjernen eller dei raude blodcellene bruke det direkte som drivstoff? Hjernen treng glukose, og dei raude blodcellene manglar mitokondrium og må derfor òg bruke karbohydrat.
Inndeling av feitt
Vi kan dele feitt inn i to hovudgrupper:
- metta feitt
- umetta feitt
Metta feittsyrer – mest i kjøtt frå landdyr
Feittsyrer med berre enkeltbindingar mellom karbonatoma er metta feittsyrer. Dei inngår i metta feitt. Vi finn metta feitt i kjøtt og kjøttprodukt. I planteriket er det mykje metta feitt i kokosnøtter og litt i avokado.
Produkt som inneheld mykje metta feitt, er gjerne faste ved romtemperatur.

Umetta feittsyrer – feitt frå plantar og fisk
Feittsyrer med éin eller fleire dobbeltbindingar i kjedene er umetta feittsyrer. Dei inngår i umetta og fleirumetta feitt.

I plantar finn vi umetta feitt som opplagsnæring i frø og frukter. Plantefeittet som inneheld mest umetta feitt, blir gjerne vunne ut til matoljar som soyaolje, maisolje og olivenolje. I tillegg inneheld fisk mykje fleirumetta feitt.
Fleire av dei umetta feittsyrene er essensielle (livsnødvendige) feittsyrer. Det er feittsyrer som kroppen ikkje kan lage sjølv, og som derfor må tilførast kroppen gjennom mat.
Omega-3 og omega-6 er grupper med fleirumetta feittsyrer som vernar mot hjarte- og karsjukdommar ved å motverke blodpropp. Dei finst i feit fisk som makrell, sild, laks og aure, og i planteoljer som raps og soya.
Transfeitt – umetta og usunt
For å gi flytande feitt ein fastare konsistens kan vi "herde" feittet. Då får vi hydrogen til å reagere med dobbeltbindingar i feittsyrene, slik at feittet blir meir metta og får ein tjukkare konsistens. Under herdeprosessen kan det bli danna såkalla transfeittsyrer. Dette er umetta feittsyrer som er fastare og har ei anna molekylform enn dei naturleg umetta feittsyrene.

Tidlegare vart transfeitt brukt i margarin, men dette har ein gått bort frå. Framleis blir transfeitt brukt i pommes frites, kjeks og kaker.
Transfeittsyrer har negativ verknad på samansetjinga av feittstoffet kolesterol i blodet og aukar risikoen for hjarte- og karsjukdommar. Trans betyr over eller på den andre sida. I transfeittsyrer er karbonkjedene festa på kvar si side av dobbeltbindinga. Dette gir eit rettare molekyl enn om kjedene er festa på same side, slik som i dei såkalla cis-feittsyrene.

Film om feitt og oljar (5:00)
Filmen gir ei kort innføring i ulike typar feitt, korleis vi kan vinne ut oljar, og om typiske eigenskapar til feitt.
Oppgåve
Vel rett alternativ.