Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Proteinsyntesen

Proteinsyntesen sørger for bygging av nye protein i cellene heile tida. Ribosoma er dei organellane som kan lage protein av oppskrifta på mRNA. Ein million ulike protein trengst blant anna til transport, dei inngår i immunforsvaret og er byggesteinar for hud, hår og organ.

Oppskrift frå kjernen til cytoplasma

Sidan dei store DNA-molekyla ikkje kan flyttast ut av kjernen, må DNA-oppskrifta på proteinet kopierast før det kan byggast. Enzymet RNA-polymerase lagar ein kopi (mRNA) av genet i ein prosess som blir kalle transkripsjon.

DNA er bygd opp av basane thymin (T), guanin (G), adenin (A) og cytocin (C). RNA inneheld dei same basane, med unntak av at T er bytta ut med uracil (U), og er enkelttråda.

Når eit mRNA (bodberar-RNA) er ferdig forma i cellekjernen, ber det ein kopi av genet ut gjennom porene i kjernemembranen mot ribosoma i cytoplasmaet, kor proteinsyntesen skjer.

Ribosom les oppskrifta

Ribosoma er dei organellane som kan lage protein av oppskrifta på mRNA. I cytoplasmaet vil eitt eller fleire ribosom kople seg til mRNA (oppskrifta). Mens ribosomet glir langs mRNA-tråden og "les" koden (tre og tre nitrogenbasar), vil tRNA (transportmolekyl) bringe dei riktige aminosyrene til ribosomet.

Dette skjer fordi det berre er det eine tRNA-molekylet med riktig antikodon (tre nitrogenbasar) og riktig aminosyre som får feste seg på det ledige setet i ribosomet.

Det finst 20 ulike aminosyrer, men kvart tRNA-molekyl transporterer berre éin type aminosyre. Når oppskrifta er lest, har vi ei lang rekke med aminosyrer som blir til eit protein når det er folda ferdig.

Matchande kodar

Med riktig tRNA på plass i ribosomet, vil basane i kodon og antikodon binde seg saman. U (urasil) bind seg til A (adenin), og C (cytosin) bind seg til G (guanin).

Når det er to tRNA-molekyl i ribosomet samstundes, vil ribosomet kople saman aminosyrene deira og flytte seg eit hakk vidare på mRNA-strengen. Det første tRNA-et lausnar og er klart til bruk igjen straks det har henta ei ny aminosyre av same sort.

Slik fortset ribosomet å kople saman aminosyrene til ei lang polypeptidkjede etter oppskrifta på mRNA. Det siste kodon på mRNA er eit STOPP-kodon som får polypeptidkjeda og ribosomet til å lausne frå mRNA-et.

Folding til ferdig protein

Til slutt blir polypeptidet folda saman til eit ferdig protein i golgiapparatet. Det er utvalet og rekkefølga av aminosyrer som bestemmer korleis proteinet foldar seg. No blir proteinet aktivt og klart til å utføre oppgåva si i eller utanfor cella.

Det minste proteinet er på cirka 50 aminosyrer (insulin), og er derfor laga frå eit gen på 150 nitrogenbasar pluss start- og stoppkodar. Dei fleste protein er mange gonger større.

Film om proteinsyntesen (4:43)

Filmen tek føre seg korleis proteinsyntesen foregår med kopiering av oppskrift (transkripsjon), avlesing av kopien og samankopling av aminosyrer (translasjon).

Video: FuseSchool / CC BY-NC-SA 4.0

Viktige omgrep

mRNA
messenger-RNA/bodberar-RNA. Det har oppskrift på eit protein.
tRNA
Transport-RNA tek aminosyrer til ribosomet. Kvar type tRNA transporterer berre éin type aminosyre.
rRNA
RNA som finst i ribosoma
kodon
tre og tre basar på mRNA-et som kodar for ei aminosyre
antikodon
dei tre basane på enden av tRNA-et som skal passe til kodonet på mRNA
triplett
tre og tre nitrogenbasar.
polypeptid
mange aminosyrer bundne saman i kjede. Poly = "mange". Når det blir ferdig folda, er det eit protein.
RNA-polymerase
enzym som deltar i syntesen av mRNA

Oppgåver

Vel rett alternativ.

Sant eller usant om proteinsyntesen?

Relatert innhald

Skrive av Kristin Bøhle.
Sist oppdatert 13.10.2025