Eigenvurdering for emnet medieetiske problemstillingar - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Egenvurdering

Eigenvurdering for emnet medieetiske problemstillingar

Kva er medieetikk, kva for nokon yrkesetiske reglar gjeld for mediebransjen, og kva for nokon etiske krav skal vi stille til fiktive medieforteljingar? Vurder kva du kan om dette emnet.

Kva har du lært om medieetiske problemstillingar?

Gå gjennom desse punkta og få oversikt:

  • Eg veit kva etikk er og forstår forskjellen på dydsetikk, pliktetikk og konsekvensetikk
  • Eg veit kva medieetikk er, og korleis eg gjennomfører medieetiske vurderingar og drøftar medieetiske problemstillingar.
  • Eg kjenner til yrkesetiske reglar for journalistikk og marknadskommunikasjon og kan nytte desse i eigne medieproduksjonar.
  • Eg kjenner til og kan drøfte etiske problemstillingar knytte til fiktive medieforteljingar.
  • Eg veit kva kunstig intelligens er, og kva for nokre etiske problemstillingar som følgjer med bruk av kunstig intelligens og smart teknologi.

Fagomgrep

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 02.12.2021