Oppgave
Oppgåver til Waste Land
Sjå først dokumentarfilmen Waste Land (2010). Diskuter deretter desse oppgåvene saman i klassen eller med nokre klassekameratar.
Drøftingsoppgåver
- Er prosjektet på nokon måte utnyttande for dei involverte?
- Er det etisk forsvarleg at kunstnaren tek arbeidarane ut av dei vande omgivnadene sine og lèt dei smake på eit liv som dei færraste får oppleve?
- Kor sannsynleg er det at "catadorane" vil dra tilbake til livet på søppelfyllinga etter filmpremierar, TV-framsyningar og kunstutstillingar rundt om i verda?
- I 2012 la styresmaktene i Brasil ned søppelfyllinga ved Jardim Gramacho. Bruk internett som hjelpemiddel for å drøfte kva som kan ha skjedd med avfallssorterarane i ettertid.