Vurder etikken i ulike tv-konsept

Gruppearbeid
Del klassen inn i grupper. Kvar gruppe gjer ei etisk vurdering av desse to tv-konsepta:
Gruppa vurderer i tillegg eit populært tv-konsept frå anten TV 2, TVNorge eller TV3.
Kva går konseptet ut på?
Kva medieetiske utfordringar kan oppstå i eit slikt tv-konsept?
Korleis synest de produsenten har handtert desse utfordringane?
Kva konsekvensar kan det få å delta i eit slikt tv-konsept?
Kva konsekvensar kan det få for dei som blir omtalte, eller for pårørande eller likesinna?
Ville du ha delteke i eit slikt program? Kvifor? Kvifor ikkje?
Klassediskusjon
Gruppene presenterer vurderingane sine for resten av klassen.
Diskuter deretter i samla klasse kva etiske krav ein bør stille til tv-konsept som skal sendast på norsk fjernsyn.
Relatert innhald
Deltakarane i realityseriane opptrer som seg sjølve, ikkje som fiktive personar. Konfliktar er avgjerande for å skape spenning i seriane.