Etikk og marknadskommunikasjon i filmen Den perfekte familien - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Etikk og marknadskommunikasjon i filmen Den perfekte familien

Familien Jones har det nyaste innan mobiltelefonar, golfutstyr, sminke og merkeklede, men eigentleg består familien av fire profesjonelle påverkarar. Vurder etiske sider ved denne forma for marknadskommunikasjon.

Oppgåver

Sjå filmen Den perfekte familien (2009) av Derrick Borte, anten heime eller på skulen. Filmen varer i 1 time og 36 minutt.

  1. Kva blir meint med influensarmarknadsføring, og korleis kan influensarmarknadsføring knytast til denne filmen?
  2. På kva måte problematiserer denne filmen skjult marknadsføring?
  3. Familien Jones er ikkje ein ekte familie, men ei marknadsføringseining som består av fire profesjonelle influensarar. Skriv eit refleksjonsnotat der du drøftar etiske sider ved denne forma for marknadskommunikasjon.

Relatert innhald

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 26.11.2021