Vurder slagord, nyheitsstitlar og informasjon

1. Les fagartiklane
Les desse fagartiklane før du går i gang med oppgåvene:
Jobb gjerne saman i små grupper. Hugs at alle i gruppa må grunngi vurderingane sine og få høve til å komme med eigne forslag.
2. Vurder eit slagord
Eit slagord er ei formulering som ved hjelp av få ord seier noko vesentleg om eit fenomen. Det kan vere eit produkt, ein institusjon, eit politisk parti eller ei bedrift.
Kva for eit politisk parti?
Kva for eit politisk parti brukte desse slagorda i valkampen i 2019?
Spørsmål
Kva for ladde ord er brukte i slagorda?
Kva alternativ fekk de rett, og kva var feil? Samanlikn med andre. Diskuter kvifor de svarte som de gjorde.
Vel tre parti og les partiprogramma deira. Seier slagorda noko vesentleg om kva desse tre partia står for?
Skriv utkast til nye slagord for dei tre partia de har valt. Plukk ut og diskuter i samla gruppe om utkasta kommuniserer betre med veljarane enn slagorda frå 2019.
3. Vurder og skriv avistitlar
Vurder desse tre avistitlane om Trumps første handling som president i 2025:
VG: "Trekker USA ut av klimaavtale og benåder straffedømte"
NRK: "Trump med presidentordrer på rekke og rad"
Dagbladet: "USAs president Donald Trump: - Dere har sparken!"
Kva tittel synest de er mest informativ?
Kva tittel synest de har størst appell til lesarane?
Kva for språklege verkemiddel har NRK og Dagbladet teke i bruk i teksten sin?
Korleis ville de ha forma ut tittelen til ein nyheitsartikkel om Trumps første handling som president i 2025 dersom målgruppa var unge på dykkar eigen alder? Skriv kvart dykkar utkast, og del det med kvarandre. Reflekter over kva de har lagt vekt på å formidle, og kva verkemiddel de har brukt.
4. Vurder ein informasjonsbrosjyre
Alle norske husstandar fekk hausten 2024 ein informasjonsbrosjyre i posten som handla om korleis alle i Noreg no må bidra til beredskapen i landet. Les brosjyren her:
DSB: Slik bidrar du til beredskapen i Noreg
Beskriv korleis teksten i brosjyren er bygd opp. Legg vekt på følgande element: tittel, ingress, avsnitt, mellomtitlar.
Diskuter i gruppa. I kva grad er teksten bygd opp på ein måte som gjer det lett å forstå kvifor beredskap er viktig, og kva kvar enkelt må gjere?
På nettsida til DSB er brosjyreteksten supplert med to videoar og ei spalte med svar på vanlege spørsmål. Kva tilleggsverdi har desse elementa?
2 av 3 har lese heile eller delar av brosjyren, og mindre enn halvparten har gjort det dei har fått beskjed om å gjere (DSB, 2025, s. 4). Kvifor trur de det er slik?
Lag utkast til ein brosjyretekst som de meiner vil få heile befolkninga til å følge tilrådingane frå regjeringa om eigenberedskap. Diskuter kva de vil legge vekt på for at alle skal forstå alvoret i situasjonen, og kva verkemiddel de vil bruke for å få folk til å gå frå ord til handling.