Digitale verktøy i skrivearbeid

1. Ordbøker
Bokmålsordboka/Nynorskordboka
Sjekk stavemåte, bøying, opphav og ordklasse.
Desse ordbøkene gir deg trening i å sjekke ditt eige arbeid opp mot Språkrådets reglar for rettskriving. Du får òg trening i å samanlikne rettskriving i dei to språka bokmål og nynorsk.
Språkrådet og Universitetet i Bergen: Bokmålsordboka/Nynorskordboka
LEXIN – ordbøker for minoritetsspråklege
LEXIN er ordbøker laga spesielt for minoritetsspråklege elevar i grunnskulen, vidaregåande skule og vaksenopplæringa. Ordbøkene inneheld ord og uttrykk som er nyttige når ein bur i Noreg, og dei støttar både bokmål og nynorsk.
Ver merksam på at LEXIN ikkje står på lista over ordbøkene som Språkrådet godkjenner for bruk i skulen.
2. Tale til tekst
Både på mobiltelefonen din og i tekstbehandlingsprogram som Word finn du diktafon. Finn funksjonen "Dikter" eller mikrofonsymbolet i tastaturet i mobiltelefonen.
Bruk av tekst til tale kan effektivisere arbeidet, særleg i startfasen av skriveprosessen. Jamleg bruk av tekst-til-tale-verktøy gir deg øving i å førebu kva du skal formidle, og i å uttrykke deg presist. Har du skrivevanskar, kan tekst til tale vere til stor hjelp og støtte i skrivearbeid.
NB: Dikteringsfunksjonen i Word kan ikkje lage tekst på nynorsk.
For diktering på nynorsk på Mac kan kviskr.no vere til hjelp.
3. Stavekontroll
Alle tekstbehandlingsverktøy har innebygd stavekontroll. Bruk han. Høgreklikk på ord som har ei raud, prikkete linje og erstatt med eit foreslått ord dersom det er rett. Er du usikker? Slå opp ordet i ei ordbok.
Har du mange ord du veit du ofte skriv feil? Søk og erstatt er ein fin funksjon i mange tekstbehandlingsverktøy. Der kan du søke opp ordet og forandre det overalt i heile teksten med eitt klikk.
NB: Eit slikt retteprogram vil ikkje oppdage alle feil eller alltid gi deg dei beste endringsforslaga. Skal du sikre at språket blir korrekt, bør du bruke ordbøker og andre ressursar som beskriv grammatiske reglar.
4. Omsetjing
Du kan bruke omsetjingsverktøy til å omsetje tekst, dokument eller innlesen tale frå eitt språk til eit anna. Google Translate og andre verktøy er nyttige når du skal tileigne deg informasjon frå framandspråklege kjelder. Dei kan støtte arbeidet med skriftlege tekstar på framandspråk og bidra til å synleggjere samanhengen mellom talespråk og skriftspråk. Etterarbeid med maskinomsette tekstar kan dessutan utvikle språkbevisstheita di og gi øving i å vurdere språkval og omsetjingar med eit kritisk blikk.
I skriftlege arbeid der du skal bruke direkte sitat, må du sitere frå originalkjelda utan å omsetje teksten. Du kan likevel bruke indirekte sitat (omskrivingar) og gi att innhaldet på språket du skriv artikkelen på. I begge tilfelle må du hugse å oppgi originalkjelda.
Merk: Eit omsetjingsverktøy som Google Translate vil ikkje gi deg den beste omsetjinga. Vil du vere sikker på at språket blir korrekt, bør du bruke ordbøker og andre ressursar. Merk dessutan at Google Translate berre kan omsetje til bokmål og ikkje til nynorsk.
5. Språkstøtte og tekstforbetring
Klarspråkshjelpa gir tilbakemelding på korleis ein norsk tekst kan bli lettare å lese og forstå. Verktøyet kan hjelpe deg med å forbetre blant anna ordval og setningsoppbygging, og det kan gjere teksten tydelegare. Du kan også bruke det til å kvalitetssikre tekstar før ei innlevering.