Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Forteljeteknikk og språklege verkemiddel

For å bli ein dyktig skribent må du meistre ulike forteljeteknikkar og språklege verkemiddel. Du må dessutan kunne bygge opp ein tekst på ein logisk måte. Nyheitsartiklar, filmmanus og tekst i reklame er nokre av områda der du bruker skriveferdigheiter i mediebransjen.

Forteljeteknikk

Forteljeteknikk i skriftleg arbeid handlar om val av forteljarstemme og synsvinkel og om korleis du bygger opp forteljinga di.

Ei forteljing kan vere oppdikta (fiksjon) eller handle om noko som faktisk skjer eller har skjedd (fakta). Forteljaren er viktig for måten vi oppfattar ei historie på. Han eller ho organiserer stoffet og lar oss sjå det som hender, frå bestemde synsvinklar.

Forteljaren kan vere usynleg eller til stades som ei tydeleg stemme i forteljinga. Ein nyheitsartikkel er ein tekst der forteljaren er usynleg, men i ein blogg eller eit debattinnlegg er forteljarstemma tydeleg til stades. Slike tekstar kallar vi derfor subjektive.

Oppbygging av tekstar

Dei fleste forteljingar har ei byrjing, ein hovuddel og ein slutt. Nokre forteljingar er kronologiske. Då blir alt fortalt i den rekkefølga det skjer. Men forteljinga kan òg bevege seg fram og tilbake i tid.

Ei god forteljing er forma slik at ho triggar mottakaren til å føre vidare forteljinga i sitt eige hovud. Ein god tekst treng derfor ikkje å seie alt. Det er spesielt viktig å hugse på når du jobbar med ein reklametekst eller eit filmmanus.

Titlar, overskrifter og ingressar

Ein nyheitsartikkel består gjerne av ein tittel, ein ingress og ein . Brødteksten kan vere delt i avsnitt med eigne mellomoverskrifter. Tittelen, ingressen og mellomoverskriftene gir lesarane ei oversikt over kva saka handlar om. Bilete og bilettekstar understrekar ofte vinklinga i saka. Mange les berre titlar, ingressar og bilettekstar når dei blar gjennom avisa eller skrollar gjennom nettavisa.

I kreative og subjektive tekstar blir titlar og ingressar laga på ein annan måte enn det som er vanleg i journalistikk. Titlar og ingressar kan til dømes brukast til å fange merksemda til lesaren, formidle ei bestemd stemning eller opne ei dør inn til eit kunstnarisk univers.

Diskuter ulike titlar

Kva fortel desse titlane? Er titlane gode?

  • "Norge ruster opp mot fugleinfluensa" (nyheitsartikkel i Aftenposten, 2025)

  • "Terror-memer i sommermørket" (kronikk av Bjørn Stærk i Aftenposten, 2024)

  • MEST ELSKET & Hatet (album av Kamelen, 2024)

Diskuter ein reklameplakat

I marknadskommunikasjon er samspelet mellom det skriftlege og det visuelle viktig. Studer denne historiske reklameplakaten:

  • Korleis er samspelet mellom skriftleg tekst og visuelle element med på å forsterke bodskapen?

  • Er dette ein god reklametekst? Kvifor? Kvifor ikkje?

  • Korleis trur de denne reklameteksten ville blitt motteken i Noreg i dag?

Avsnitt

Lengre tekstar er vanlegvis delte inn i avsnitt. Eit avsnitt er ein del av teksten der innhaldet høyrer naturleg saman. Ein god tekst har ryddige avsnitt som leier lesaren gjennom teksten.

Film: Korleis lage gode avsnitt?

I filmen under (lengde 4:27) får du tips om korleis du kan skrive gode avsnitt i ein informativ tekst.

Video: Åsa Abusland, Siren Halvorsen, Øystein Johannessen, Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Språklege verkemiddel

Forteljeteknikk og bruk av verkemiddel heng nøye saman. Kva for språklege verkemiddel du vel å bruke, avheng av kva som er formålet, målgruppa og kanalen for teksten.

Bruk av språklege verkemiddel handlar om å jobbe med dei små detaljane i språket heilt ned på ord- og setningsnivå. Her er døme på nokre språklege verkemiddel du sikkert har lært om i norskfaget:

  • ladde ord
  • gjentakingar
  • samanlikningar

  • metaforar

  • kontrastar
  • rim
  • rytme
  • overdrivingar
  • underdrivingar

  • ironi

Ladde ord og metaforar

Ladde ord er effektive språklege verkemiddel som appellerer til kjenslene våre. Plussord er ord som skaper positive kjensler hos lesaren. Minusord er ord som skaper negative kjensler. Det er stor forskjell på å bruke plussordet "fridomskjempar" i staden for minusordet "terrorist". Mange ladde ord er , til dømes plussord som "strålande" og minusord som "avskyeleg".

Ein er eit språkleg bilete. Dersom ein person er vennleg og humørfylt, kan du til dømes kalle henne "solstrålen i familien". Metaforar kan brukast til å kaste lys over ein person, ei hending eller eit fenomen på ein ny måte og gi lesaren ei rikare oppleving av teksten.

Øving med bruk av ladde ord og metaforar

Jobb saman med ein medelev.

  • Skriv kvar dykkar korte tekst om ei aktuell hending eller ein person der de konsekvent bruker plussord. Teksten skal òg innehalde to metaforar.
  • Byt tekst, og erstatt alle plussord i teksten til medeleven med minusord. Vel andre metaforar enn dei medeleven din har valt.
  • Les dei omskrivne tekstane for kvarandre.

Enkelt språk og slanguttrykk til barn og unge

Bruk av enkelt språk og slang er eit språkleg verkemiddel som ofte blir brukt i tekstar retta mot barn og unge. Når du skriv for unge lesarar, er det viktig at du erstattar vanskelege ord med enkle ord, eller at du forklarer dei. Det er òg viktig å bruke ord lesarane kjenner igjen frå sin eigen kvardag.

Når NRK Super presenterer saker i nyheitsbiletet, bruker dei enkle setningar og ord og uttrykk som barn kan forstå. Tenåringar er godt kjende med ord som "hooke" og "ditche". Bruk av slike ord i tv-seriar som Skam er eit signal om at serien er retta mot urbane tenåringar og handlar om deira liv.

Leik med språket

Nye ordsamansetjingar er eit anna døme på eit språkleg verkemiddel. Ein plakatserie frå reklamebyrået Oktan Orangeriet viser ein kommunikasjonskampanje der konseptet er knytt til det å finne opp nye ord.

Orda "seteslusk" og "decibeldust" finst rett og slett ikkje i norske ordbøker. Her har tekstforfattarane jobba fram nye samansette ord til Skyss sin kampanje "Ver grei". Betydninga av orda er formulert som i ei ordbok, og meininga orda gir oss, saman med illustrasjonane, er ikkje tilfeldig. Plakatar og videosnuttar skal oppdra publikum til å oppføre seg betre på banen og på bussar i Bergen og omland.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 12.03.2025