Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Dokumentariske skriveøvingar

Å skrive dokumentarisk betyr at det du skriv er basert på fakta, altså at du skriv om noko som faktisk eksisterer eller har hendt. Ofte må du vise til kjelder for å underbygge at det du skriv er sant eller korrekt.

1. Dokumenter ei trafikkulykke

Trafikkulykker og trafikksikkerheit kan dokumenterast på ulike måtar. I desse oppgåvene skal du øve deg på å skrive på oppdrag i ulike sjangrar.

A. Skriv ei kort nyheitsmelding

Du jobbar i radio. Ta utgangspunkt i det du ser på biletet ovanfor. Skriv eit manus til ei kort nyheitsmelding på radio som dokumenterer det som har skjedd. Nyheitsmeldinga skal vare maks eit minutt.

B. Skriv manus til ein filmscene

Du jobbar i ein filmproduksjon med ein film som skal dokumentere konsekvensen av møteulykker på norske vegar. Filmen byrjar med ein scene frå ulykka du ser på biletet. Skriv manus til denne opningsscenen.

Korleis skil den forteljeteknikken du bruker i dokumentarfilmen, seg frå den du brukte i nyheitsmeldinga?

C. Skriv ein informativ tekst

Du jobbar som informasjonsmedarbeidar i Trygg trafikk. Lag ei kort pressemelding om kor mange som vart drepne i trafikken Noreg i fjor. Bruk hendinga på biletet som døme på kor alvorlege møteulykker kan vere, og korleis slike hendingar kan forhindrast.

Kva kjelder er det aktuelt å vise til i ei slik pressemelding?

D. Skriv ein tekst til ein bilannonse

Du jobbar som marknadsmedarbeidar i Volvo. Volvo er kjend for å produsere trafikksikre bilar. Skriv ein kort tekst til ein reklame for Volvos nyaste bilmodell der du beskriv kva sikkerheitsfunksjonar denne modellen har, og kvifor det er viktig for kunden å velje ein sikker bil.

Kva språklege verkemiddel vil du bruke i ein slik tekst?

E. Skriv ei oppdatering i sosiale medium

No er du din eigen oppdragsgivar! Du har nettopp fått bil, og du ønsker å dokumentere kva eigenskapar han har når det gjeld fart og trafikktryggsikkerheit. Skriv eit innlegg som du vil poste i sosiale medium. Målgruppa er vennene dine.

Korleis påverkar målgruppa måten du lagar teksten på?

2. Skriv ein fagtekst

Når du blir beden om å skrive ein fagtekst på skulen, må du òg skrive dokumentarisk. Du må vise at du har faglege kunnskapar og kan bruke faglege omgrep og aktuelle kjelder.

A. Beskriv og vurder eit bilete av ei trafikkulykke

Kva sjanger tilhøyrer fotografiet ovanfor?

Beskriv motiv, biletutsnitt og biletvinkel i biletet av trafikkulykka, og forklar kvifor fotografen har brukt nettopp eit slikt utsnitt og ein slik biletvinkel.

Korleis ville inntrykket av ulykka ha vore dersom fotografen hadde gått nærare inn på motivet?

Kva etiske prinsipp må ein fotograf ta omsyn til når hen dekker ei slik ulykke?

B. Skriv ein fagtekst om mediepåverknad

Skriv ein kort fagtekst som om korleis forteljeteknikk og verkemiddel i ulike mediesjangrar, både kreative og dokumentariske, kan påverkar unge sine haldningar til trafikksikkerheit.

Hugs å føre opp dei kjeldene du bruker.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 14.01.2025