Skriv for å tenke betre i mediefag
1. Skriv for å hugse
Kva var det no læraren sa? Kanskje har du tenkt dette når du strever med ei heimeoppgåve. Dersom du skriv notat mens læraren snakkar, er det mykje enklare å hugse. I tillegg hjelper notata deg med å sortere det vesentlege frå det uvesentlege.
Her forklarer lydteknikar Håkon Braaten kva lyd er. Lytt til Braaten og skriv to setningar som samanfattar det du meiner er viktigast å hugse dersom du seinare blir beden om å forklare kva lyd er.
Om lyd
2. Skriv for å sortere
Når du les ein tekst med mykje informasjon, kan det vere lett å miste oversikta over innhaldet. Skriv ei oppsummering der du sorterer det du har lese, i ulike kategoriar.
Les teksten "Anbefalinger om regulering av mobiler og smartklokker i skolen" hos Utdanningsdirektoratet.
Lag eit notat med tre kolonnar med overskriftene "Barneskole", "Ungdomsskole" og "Vidaregåande skule".
Skriv ei setning i kvar kolonne som kort samanfattar Utdanningsdirektoratets tilråding om bruk av mobiltelefon på desse klassetrinna.
Bruk den same metoden i ditt eige skrivearbeid.
Skriv ein kort tekst om korleis ein medieelev kan bruke mobiltelefonen til å ta opp og redigere lyd. Vel sjølv om du vil beskrive funksjonen for ein iPhone eller ein Android-mobil.
Lag ein disposisjon med tre stikkord som viser kva slags informasjon du vil ha med i teksten, og kva rekkefølge informasjonen skal komme i.
Skriv deretter to utfyllande setningar under kvart stikkord.
3. Skriv for å forstå
Av og til kan det vere vanskeleg å forstå innhaldet i ein fagtekst. Då kan det vere lurt å lese teksten og deretter prøve å formulere det som står der, med eigne ord. Ta òg med eit døme som du sjølv kjem på. Når du tvingar deg til å tenke sjølv mens du skriv, vil du forstå innhaldet betre.
Les teksten henta frå fagartikkelen "Lyd som verkemiddel", og skriv eit kort samandrag med eigne ord. Du skal forklare kva diegetisk og ikkje-diegetisk lyd er. Ta med konkrete døme på korleis dei to lydformene har blitt brukte i ein film eller tv-serie du har sett.
Lyd framhevar og forsterkar stemningar og er derfor ein viktig del av totalopplevinga av ein film. Det blir brukt både lyd som høyrer naturleg heime der filmen blir teken opp, og lyd som blir lagt til. Det blir kalla diegetisk og ikkje-diegetisk lyd.
Diegetisk lyd kan vere lyden frå ein bil som køyrer forbi, eller musikk frå eit radioapparat som står på i bakgrunnen. Det er lyd som høyrer naturleg heime i filmuniverset der handlinga går føre seg.
Eksempel på ikkje-diegetisk lyd er lydeffektar og musikkspor som blir lagde på i etterkant. Det er lyd som ikkje finst naturleg i filmuniverset (Jensen, Tørdal & Macdonald, 2017).
4. Skriv for å klargjere kva du meiner
Du meiner sikkert mykje om mange saker. Men det er ikkje alltid lett å ta ordet i ein debatt. Gjennom skriving kan du øve på å formulere det du meiner, og finne argument som kan overtyde andre. Kanskje oppdagar du at du får betre innsikt i eigne meiningar ved å skrive dei ned?
Vel ei av oppgåvene nedanfor:
Nokre personar er ofte å sjå både i sosiale medium og redaksjonelle medium. Eit døme på ein slik person er influensar Sophie Elise Steen Isachsen. Tenker du at ho er eit godt eller dårleg førebilete for unge?
Nokre personar er ofte å sjå både i sosiale medium og redaksjonelle medium. Eit døme på ein slik person er fotballspelaren Erling Braut Haaland. Tenker du at han er eit godt eller dårleg førebilete for unge?
Formuler det du meiner i éi setning. Skriv deretter ned to argument som taler for at det du meiner er rett. Ta med eit konkret døme som støtte for kvart argument.
5. Skriv for å klargjere kva du føler
Studer biletet nedanfor og beskriv i ei setning dei kjenslene som oppstår hos deg når du ser biletet.
Bruk di eiga beskriving som utgangspunkt. Skriv eit kort filmmanus for anslaget til ein skrekkfilm der biletet utgjer første scene.

Relatert innhald
Har du tenkt over at det å skrive òg kan vere eit verktøy som hjelper deg å tenkje betre?