Lukkaren - Medieuttrykk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Bokmål
Fagartikkel

Lukkaren

Lukkaren er porten som opnar og stengjer for lyset og avgjer kor lenge lyset får sleppe inn. Lukkaren er alltid stengt og opnar seg berre når du trykkjer på utløysarknappen på kameraet.

Korleis fungerer lukkaren?

Ein kan samanlikne lukkaren med menneskeauget. Dersom du har auga opne lenge, får du med deg mykje av det som skjer. Men dersom du opnar dei ein ørliten augneblink, fangar du berre opp det som skjer akkurat då. I motsetnad til auget frys fotokameraet alle rørsler i den augeblinken lukkaren er open.

Film: Lukkaren

I filmen under (lengde 4:38) forklarer fotograf Tom Knudsen korleis lukkaren fungerer, og korleis du kan stille inn lukkartida.

Video: Tom Knudsen, Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Du kan styre lukkaren manuelt eller la lysmålaren i kameraet avgjere lukkartida. Er lyset sterkt, opnar lukkaren seg berre i brøkdelen av eit sekund, mens han i lite lys er open lenge.

Prøv sjølv

Stemmer det at lukkaren kan samanliknast med menneskeauget?

Sjå ut av vindauget i fem sekund. Noter ned det du såg.

Opne og lukk auget så raskt du kan. Kva fanga auget ditt opp no?

Lukkartid

Lukkartida er tida kameraet bruker på å sleppe inn lys. Ho seier kor lenge eksponeringa skal vare. Ved å stille på lukkartida og trykke ned på utløysaren på kameraet, gir ein det beskjed om kor lenge lukkargardina skal vere open og tillate lyset å treffe biletsensoren. Når det er lite lys tilgjengeleg, kan lukkaren vere open fleire sekund fram til biletsensoren har fått nok lys til å eksponere motivet rett. Er det mykje lys tilgjengeleg, må lukkartida vere kortare. Då opnar og lukkar lukkargardinet seg fortare, og ein unngår at motivet blir overeksponert.

Lukkarskalaen

Lukkartida blir oppgitt i ein brøkdel av eit sekund eller i hundredels sekund (125 = 1/125). Når du doblar lukkartida, slepp du inn dobbelt så mykje lys. Når du halverer lukkartida, halverer du mengda lys som treff CCD-brikka.

Lukkartidsskalaen demonstrerer dette:

Merk!

Lukkartidene blir oppgitte som tal: 1 – 2 – 4 – 8 – 15 – 30 – 60 – 125 – 250 – 500 – 1 000.

Dette er eigentleg brøkar. 250 betyr 1/250 sekund.

1 000 er altså ei veldig kort lukkartid (1/1 000 sekund), mens 1 er eit heilt sekund.

Den kreative effekten av lukkartid

Bruker du lukkartidinnstillingane kreativt, kan du "stoppe tida" og framheve fart. Vel du kort lukkartid, frys du eit motiv som er i rørsle. Då kan du vise det vi elles ikkje ville sett med berre auga, for eksempel ein drope som fell. Kort lukkartid blir mykje brukt ved fotografering av sportsutøvarar.

Når du bruker lang lukkartid, framstår fart og rørsler som slør eller uskarpe konturar. Du kan få rennande vatn til å sjå ut som eit silkelaken. Ei slik uskarpleik i biletet gir uttrykk for stemning, kjensler og energi.

Test deg sjølv: Kva kan du no om lukkartider?

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Eksponeringsøving

Tren på rett eksponering. Lag gjerne små grupper i klassen og konkurrer om kven som får flest rette svar.